For ein kveld!

Advarsel:Dette er eit innlegg om mote og outfits og kjendisar og cupkakes og sånnt! No smiler eg godt her i stolen,for det er ikkje akkurat kvardagskost på min blogg..Image and video hosting by TinyPic
No er eg sliten altså! (men litt godt sliten) Har akkurat komt heim frå boklanseringsfest med Tante og Bestemor. Glamfaktor og motefokus altså! Med goodiebags, gratis drinkar, kjendisar, big brands,cupcakes og masse vakre mennesker med fashion frå topp til tå! Sjølv om eg hadde styla meg stivt så følte jeg at jeg ikkje heeeilt høyrte til der! Eg er jo ingen motebloggar, kjendis eller særleg inni alt det der. Men bøker likar eg, og det var faktsik boklansering og ikkje motefest. Det hadde eg ikkje klart å gjette om eg hadde vandra inn på festen uopplyst om akkurat det, hehe! Image and video hosting by TinyPicBoka som heiter Buena Sucia er visst nok ein slags latinamerikansk versjon av Sex og Singelliv, med fokus på mote, merkeklede, karriere, materielle goder, kjekke menn og kjærligheten selfølgeleg. Eg lurer litt på om eg kjem til å like den.Det er ikkje heilt min sjanger for å være heilt ærleg, men "ein skal aldri dømme boka på omslaget"/omtalen (hehe)

Dykk får nok ikkje sjå bilete av meg i finstasen med cupkakes og rosa drink med kjendisar susande omkring (haha!) thats just not the way I roll. Men det er litt morosamt å skryte av det, det må eg inrømme!

(wow,eg la merke til no at eg byrja å skrive bokmål av å skrive om mote, sært! Eg retta på det seff!)

TAKK til Tante og Bestemor for impulsiv invitasjon, det var veldig gøy!

Helsing meg, som ligg som eit slakt på sofaen etter to kveldar med fullt program, puh! (Er stolt over aktivitetsnivået for tida, på tross av energinivået som er ganske ikkje-eksisterande)

Kommentarer

  1. jeg vil ha en elefant, tror jeg.

    oi. så dumt.
    hvordan greide du å sette deg på de?

    åååh, det synes jeg var en god idé-

    jaaaa. åååh. den er kjempefiiin! i et speil, i en gåte, er så fantastisk. ååååh. jeg vil se den igjen snaaaaart. ååååh. hihihi. hurra. åååh. jeg elsker den og, tror jeg.

    /fredrikke

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg