Livstegn

Venlegst høyr på denne songen mens du les

Sommaren peisar på.
Korleis kan ein plukke opp tusen tårer og gjere dei til ord? Det går ikkje an. Sjølvom sola skin og ferien gjer dei fleste lukkelege, så skjer det vonde ting. Det er urettferdig, det sluker meg. Når nokon døyr og lager store hol i hjarter som verkar etter dei, mens andre lever og fyller opp hol ein ikkje visste at ein hadde.
Sola steiker huden min medium svidd. Saltet krøller håret mitt, og vetlebror utvider hjarta mitt. Men sjølvom ein kan bu i paradis, vera omringa av gode familemedlem, få kalde føtter som kjem snikande under dyna om morgonen, bli kyssa på kinnet og få kvile middag i hengekøye kvar dag, så er det noko som ikkje stemmar. Det er slik livet behandler oss avogtil. Forstå det den som kan.

Kommentarer

Populære innlegg