Fantas(t)i(sk).

Det slår meg, som lyn frå open himmel! At bøker er som menneske. At dei er så forskjelige som personane som har skrive dei. Eg las nettopp ein grøssar, den var det eklaste eg har latt tankane mine forestilla seg, nokon gong. Men eg klarte ikkje å la vera, orda drog meg vidare. Når hendene mine ville klappa boka igjen og kasta den i søpla, så haldt augo fortsatt igjen i sidene. Og las. Då eg var ferdig, tenkte eg "Kvifor?"

Kvifor har ein forfattar, med slåande evner til å fenga ein lesar, satt seg ned for å skriva om skrekk, gru og horrible fantasiar? Det får med til å fundere på min eigen fantasi, kva eg brukar den til. Den er min beste ven og min verste fiende. Eg likar å vera såpass dramatisk. Kontrastar appelerar til meg. Alltid.

I kveld byrja eg å fortelja eit eventyr til veslebror, rett ut av hovudet. Fant på undervegs. Om dragar og alvar, prinsar og prinsesser. Slik som eg likar, klassisk men fortsatt mitt. Han spurte meg då eg sa at me måtte fortsetta i morgo:

-Har du laga eit eventyr som ingen andre i heile verda har høyrt før? Berre til meg?
-Ja. Sa eg, utan å tenke meg om.
-Då har du verdas beste fantasi, fekk eg til svar.
-Nei, det har eg ikkje. Eg har berre øvd meg.

Det er det eg seier, til born som spør "Kvifor er du så god til å teikne?" ."Kvifor kan du spela så fint piano?" Eg har berre øvd meg, for verda er open for alle som tørr. Fantasi og kreativitet. Det er ein del av oss som kostar litt å røra ved. Det er som om du må betala litt for å få tak i godsakene som ligg gjemt under overflata. Der er oftast slik, med mennesker. At det som er verdifult ikkje er så lett å få tak i. Nesten som eit eventyr i seg sjølv. Og derfor heng alt saman, kvifor bøkene er som menneske, og at ein kan kobla nesten alt som finnes opp mot kvarandre. Inn i eit eventyr, som skjer akkurat no, inni oss, rundt oss. Det er berre å tørre.

Kommentarer

  1. Dette likte eg svært godt! :-) Og du har så rett, det heile handlar om å tørra, og når ein først tør opnar det seg dørar som er så himla fine!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg