Pus

Eg veit at du ikkje er eit menneske. Eg veit jo at du sikkert ikkje forstår det eg sier, men berre tonen i stemmeleiet mitt. Eg veit at du kanskje berre kjem oppi senga mi fordi det er varmt her, og du er kald. Men du er så fin og mjuk og rar! Du mjauar heilt til eg opnar døra. Du vil berre ligga på fanget mitt, eller velslebror, til nauds. Du ligg heilt inntil kinnet mitt om du ligg oppe. Og tett inntil føttene, om du ligg der. Allerhelst vil du ligga under dyna, som ein liten baby. Kanskje du trur at du er ein baby. Eller at eg er ein diger hårlaus katt. Du snakkar til meg, med halen din. Med lydane dine og blikket. Du vil ligga oppå dataen når eg skiv, eller kosa på handa mi når eg teikner, slik at det blir stygt. Du er eit rart lite dyr.

Med deg i rommet er eg liksom aleine og saman med nokon på ein gong. Du er jo ikkje eit menneske. Men allikevel finn eg trøyst i rumlinga og koselydane du lagar. Eg synes det er rart. For eg trur ikkje du har tankar på same måte som oss. Men du skjønner noko, det gjer du. Du skjønar når eg er lei, for du bumpar nasen din på min då. Og du er trist og rastlaus når eg ikkje er heime. Du går tilogmed å bankar på dørene i huset for å finna meg. Det er rart. Å vera glad i eit dyr, eigentleg....


 Tussi Pus

Kommentarer

  1. Ligger med pus på fanget nå!

    SvarSlett
  2. Pusene er helt spesielle <3

    SvarSlett
  3. Kjempe søt pus! har en pus selv, de er virklig skjønner og vakre vesner! Alle har sin egen personlighet,det er det jeg liker med katter!

    SvarSlett
  4. Åh, slik jeg føler om mine to små puser også! Er så glad i dem. Katter <3

    SvarSlett
  5. Fineste pusen. Spraglete katter ser så snille og lure ut - som om de alltid har en hemmelighet gjemt i stripene ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg