Året, livet og bloggen:Blogg-Evaluering


(spm lånt frå fine sushibird
Dei fem beste tinge i 2011:
1: Dette innlegget vart linka til VG, noko som førte til monge nye lesarar og litt blest om ein sak eg brenn for!
2: Eg starta  nye blogg-prosjekter(1;du då, 2; engelske innlegg, 3;personleg, 4; Stil)  nokon beholder eg inn i 2012 og andre droppar eg nok. 
3: Eg har endeleg roa meg med eit design som eg trivest i, og håpar dykk gjer det og! 
4:Reiser og vener og familie som har gjort året fint! Takk!
5:Har fått masse feedback frå lesarane mine, kjære dykk, det motiverar meg skikkeleg! 

Dei tri værste tinga i 2011:
1: Mykje sjukdom i både kropp og sinn. Ikkje alltid det mest spennande å skriva om.
2: Lite inspirasjon og overskudd til å blogga om interessene mine : krativerier og musikk
3: 22 juli.. Ingen tvil. Det var forfærdeleg.

Kva har du lært i år?
Eg har lært at ærlegheit om vanskelege ting kan skapa åpenheit og tryggleik. Og at det ikkje er noko å vera redd for. Det kan hjelpa andre og ein sjølv!

Vart året slik du hadde forventa?
Nei. eg forventa nok at dette skulle bli året der eg vart heilt frisk og fant utav alt. Eg har lært meg at ting ikkje alltid skjer når ein vil.

Kva har du sett på? Youtube, hehe! Neida,joda..av seriar: glee, dexter, merlin og the secret circle.


Kven har du vorte med? Anette, me har gjort masse kjekt i år! Vetlebror har eg hatt mykje kvalitetstid med!Og ellers familie og vener!

Har du blitt kjend med nokon nye mennesker i år?
Jo, nye kollegaer, koristar og masse herlege ungar i barnehagen! 

Kva er det finaste du har fått i år?
Det må vera julegåva frå mamma og pappa, dei har overgått seg sjølv denne jula. 

Kva er det beste du har lest?
Dessverre så slit eg med konsentrasjonen min, og det har gått utover bokåret for meg. Har holdt på med ei bok i over eit halvt år liksom! Men eg må seie nettopp den, Shantaram. Den er fantastisk!


Har du gjort noko du aldri har gjort før?
Ja, masse!Bl.a: Sala opp ein hest, vorte i Spania, audition...

Kva er det største du har oppnådd i 2011?
Eg må seie at det er helsa, eg har lært kroppen og psyka mi betre å kjenne. Eg har langt å gå for å bli heilt frisk, men eg må seie at eg kjennar dybden i megsjølv betre. Og eg har jobba nesten 100% heile hausten, det er eg stolt av, for det hadde eg ikkje trudd eg klarte!

Beste kjøp? 
Kamera! (olympus Pl-e 1) og Ipædden!

Kva har du brukt mest penger på? Klede,sko reiser og heilt sikkert sjokolade...

Kva skulle du ønska du hadde gjort meir av?
Sko ønska eg hadde bada meir i sjøen i sommar, tenkt litt fleire glade tankar og lese fleire bøker... 


Favoritt film i år?  Denne. 

Artistar? Bernhoft, Robyn, Florence + The machiene, Bon Iver, Foo Fighters, Foster the people, Motoboy. OSV!

Kva gjorde du på bursdagen din?
Eg var på hytta med familien. Feira med vener og indisk mat.mmm

Korleis har din personlege stil vore i 2011?
High waist, skjerf, avblonding av håret.(åh, det der håret altså, det har tilogmed fått ein eigen kategori!) Litt mindre fargar enn eg pleiar å ha, men fin alikevel:) 

 piiz out frå meg som har to hovud i dag..

(PS:stikk innom Katrine som har skrive litt om nyttårsfeiring )

Kommentarer

  1. Hva fikk du av moren og faren din? :D

    SvarSlett
  2. Å, jeg digger årsoppsummeringer! ^^

    (Shantaram har jo tykkelsen til 2-3 bøker - så det er jo ikke rart den tok litt lenger tid enn normalt.)

    SvarSlett
  3. En litt annerledes oppsummering, men veldig fin fordi! :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg