Au

Det er så mykje i livet som gjer vondt. Å bli født er så traumatisk at dei første leveåra våre blir fortrengde frå bevisstheita vår. Og dei seier at eit nyfødt barn eigentleg har PTS Post Traumatisk Stress Syndrom, noko som gjer at dei treng konstant trøst. 

Au.

Etter det blir livet slengt i trynet på oss som rotorar på eit propellfly. Blåmerker på knea, kutt i panna, ein lærar seg å gå. Latter og peiking, tissing i buksa, ein lærer seg å leva inni kroppen sin. Stygge ord som plutselig gjer vondt, ein lærer seg at ikkje alle vil ein godt i verda. Min! Din! Eg Vil ha, ein lærar at livet ikkje snurrar omkring segsjølv, slik mamma og pappa har fått ein til å tru. Me ska faktisk dela denne planeten.

Au. 

Livet flyr vidare med jetmotor, og du står i dragsuget og blir hakka opp i fillebitar. "Er opptatt", fnis i bakgrunnen, ein lærar at fellesskap er eit privilegium, ikkje ein selfølge. Eit feiltrinn, kviskring, ein lærar at dei åra som skal brukas til å oppdaga kva slags menneske ein eigentleg er, tenåra, er det mest hjartelause åra som finst. Eit kyss, "det er ikkje deg, det er meg", ein lærar at kjærleiken er det beste og værste i verda. 

Au.

Også kjem ansvaret for alt dette, pressande i 10g. Vekta av ting som kan gå galt ligg ikkje lengre på nokon andre. Myndighet, voksenliv og forpliktelsar. På golvet aleine og spiser tørre knekkebrød, ein lærar at uansett kor monge mennesker som ein er glad i, som er glad i ein tilbake, så er ein aleine om å leva. Mørke tankar som sig innpå, følelsen av at livet ikkje var slik ein hadde sett føre seg, ein lærar at kroppen og psyken ikkje alltid virkar slik ein trur. Alt må omprogramerast på ny. 

Au. 

Vektlausheit. Død, tårer, begravelse, ein lærar at dagane me har fått her på jorda er skjøre. Menneska me delar alt med er så skjøre. Det er berre eit tynt lag med hud, musklar, blod og bein som skal beskytte oss frå alt som verda kastar på oss. Og kroppen som alt bur inni, kan punktera, plutseleg. 

Au. 

Me er eigentleg alle nyfødte som treng å bli haldt hardt inntil. Slik at alt det vonde går oss forbi i nokre stjålne augneblikk. 


Kommentarer

  1. Ja... Du ,dette innlegget, altså!

    SvarSlett
  2. WOW! du kan virkelig d å få satt ord på "ting". Et sterkt og tankevekkande innlegg.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg