Til Maria Frå Internett.

Tri ting eg likar veldig godt akkurat no, som gjer at eg er glad for at me lever i ei tid med internett!

1: Fotograf Jane Long! Fotomanipulerer gamle svart/kvitt bileter og setter dei inn i eventyrlig kontekst! Eg drømmer meg heilt vekk!


2: Dear Hank and John: Soundcloud-podcast med brødrene Hank og John Green, du kjenner dei kanskje frå youtube, eller bokverda (The fault is in our stars,av John Green veit du) Eg har høyrt på den dei siste dagane på bussen, når eg eter frokost eller teikner. Dei snakkar om Mars og døden, og svarar på små og store spørsmål fra lytterar. Herleg mørk humor som ofte summer opp dei fleste spørsmåla med "Men me skal jo alle dø eingong uansett!" Rett opp i mi gate, perfekt blanding mellom tøys og nerding! 



3: Mad TV! Eg elska Mad TV då det gjekk på tv (NRK2 på nittitalet). Og oppvokst på revyhumor er ein god sketsj noko eg setter stor pris på! Og ingen gjer det betre en Michael Mc Donald med "Stewart" eller Alex Borsten med sin "Miss Swan". 



Kommentarer

Populære innlegg