Thought of you II

Inspirert av filmen i forrige innlegg, skreiv eg denne vesle historia om min aller fyrste forelskelse. Enjoy!


Han hadde sett på meg, med eit smil. Og etter musikktimen sa han at eg sang så fint. Ingen gut hadde sagt det til meg før. Om eg kunne rødma, hadde heile verda blitt raud og eg hadde gått i bakken av rushet der og då. Men eg berre smilte sjenert tilbake. Eg trur ikkje eg torde å sei noko. Etter musikktimen var han som ein magnet på meg, eg ville sjå på når han når han spelte fotball med kameratane sine, sjølv om eg hata fotball. Eg ville fortelja vitsar når eg stod akkurat nær nok til han, for at han skulle skjønne kor morosam eg var. Eg ville le av alt han sa. Og vera akkurat så spydig slik han likte så godt. Så, endeleg torde eg å seie noko til han: " God vinterferie." Når eg tenkjer meg om, så trur eg ikkje han høyrte det eingong.

Så kom dagane, vekke frå han. Åååå, kva tid skulle skulen byrje att? Kva tid sko eg få sjå han, snakke med han, le med han? Eg var galen av tankane. Låg oppe heile natta og kjente at det kribla i fingrande og under hjarta når eg tenkte på smilet hans. Dagboka mi vart plutseleg fyllt med namnet hans med hjarter omkring. Eg var jo eigentleg for tøff til det, så eg sa det ikkje til nokon. Men det kjentes ut som om eg sko smelta ved tanken på å sjå han att. Kanskje han ville vera kjerasten min? Min aller fyrste kjerast. Det var meir en eg kunne takla! Eg vart galen.

Så plutseleg stod eg der. Utanfor skulen. Vinterferien var slutt, og alt var tilsynelatande som vanleg. For alle andre utanom meg.For meg var dette dagen eg hadde lengta som ein gal etter i over ei heil veke. Ei veke som kjentes ut som år! Hjarta dunka, og hendene var klammare og klammare, jo nermare eg kom klasserommet, jo meir dunka hjarta.

Døra opna seg, eg steig inn. Forventa å sjå fyrverkeri og glitter omkring han då blikka våre møttes. Eg hadde sikkert det styrste gliset nokon sinne. Og eg stirra på han.

Så landa eg. Det var ingenting igjen av hjarte-hamring, klamme hender, glitter, rosa hjarter og fyrverkeri. Borte vekk. Eg hadde forelska meg i eit spøkelse, skapt av min eigen fantasi. Som eg hadde mata i ferien og klamra meg fast til. Og når spøkelset matrialiserte seg foran augo mine, var det ingenting igjen.

Kommentarer

  1. For en søt historie! Veldig likt min egen første "forelskelse", hehe..:)

    SvarSlett
  2. Ååh, fin historie!! Minne meg ganske møje om meg sjøl og mine forelskelsa. Digge måten du skrive på. Fekk meg til å kjenna meg som om eg va 12 år igjen! :-) Ja, dette likte eg veldig godt! :-)

    SvarSlett
  3. Fantastisk flott!
    Jeg har vært der jeg også, og det er litt nedtur når det hele slutter, men så er det litt fint også. (Det er "no cry" jeg tenker på, ja) :)

    SvarSlett
  4. "Love, what a dreadful bond!"

    - Davy Jones

    SvarSlett
  5. T-bear. viss det hadde vorte facebook hadde eg likt den kommentaren. Pirates! yaarrrr-rrr

    SvarSlett
  6. I see.
    Noen ganger bruke æ filmsitat kryptisk for å beskrive ka æ føle, enten rundt angitt tema eller bare generelt, i stedet for bare moro skyld

    Min erfaring med kjærlighet, forelskelser og følelser e desverre ikke gode. Kunne likegodt vært foruten. Derfor kunne æ ikke sagt mæ mer enig med Davy Jones

    SvarSlett
  7. Ja, det e alltid fint å finna någe som uttrykke akkurat det ein føle sjøl. Det e kje alltid så flott me de der følesane, d kan eg og skriva under på!

    Men du e nå vertfall ikkje som Davy Jones;) Plutselig så skjer det nok någe som kan skru erfaringane andre veien!

    SvarSlett
  8. Davy Jones e æ nok ikke, men når noe først går dårlig kan det få fram til dels stygge sider ved en

    SvarSlett
  9. Åh - den her var herlig!

    liker forresten bakgrunnen din også veldig godt!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg