Boksnakk #1: Wool



Tittel: Wool


Forfatter: Hugh Howey


Sjanger: Sci-Fi/Dystopia


Kort samandrag: Menneskeheita but i ein silo. Det er heile verda, under bakken. Dei som går ut frå siloen døyr av giftige gassar i lufta. Men ingen veit, ingen tørr å spørra: kvifor?










1: Kven er boka for?

Wool er for deg som likte Hunger games men har vakse frå ungdoms-fantasyen. Den er vaksnare, karakterane er eldre, samtidig som den har same driven og tempo som ein ungdomsroman.

2: Sum opp boka i eit slagord: 

Mørk, dystopisk med MANGE gode lysglimt. Eg vil ha meir!

3: Minneverdig scene: 

Det er ei scene der hovudpersonen dykker djupt ned i mørkt vatn, ho ser lite og kan nesten ikkje puste. Eg lovar eg pusta på halv gir gjennom heile kapittelet!

4: Minnevedige sitat: 

"Once guns were made, who would unmake them?"

"People were like machines. They broke down. They rattled. They could burn you or maim you if you weren't careful"


5: Kven ser du for deg spela hovudrollen i boka,om den blir filmatisert? 


Zoe Saldana, men då måtte ho ha pumpa ein god del muskler på forhånd!


6: Kva likte du minst?

Eg ville gjerne at karakterane skulle få veta meir om verda si, fordi eg sjølv er nysgjerrig, men og fordi dei er så stakkarslege avogtil. Men dette kjem i bok 2 og 3 antagelegvis..

7: Kva likte du best? 

Alle karakterane har eigne tankar om verda dei lever i, mykje er tabu og forbudt å snakka saman om, men dei har ein felles forståelse av at noko ikkje stemmar. Det føles ekte, og eg følar det òg.

8: Har boka ein særeigen stuktur/oppbygning? 

Ein hopper imellom karakterane sine synsvinklar og litt fram og tilbake i tid, men det gir fint perspektiv på ting tilsutt.

9: Korleis var språket?

Eg las boka på engelsk som er orginalspråket, det var lett og flytande. Passer for dei fleste, ser for meg at den er lett å lesa på norsk og! (norsk tittel: Silo)

10: Kor mange stjerner?

Trur fakstisk eg vil slå til med 6 av 6!


Det kan vera at dette var akkurat rett bok til rett tid for meg, men eg vart imponert over Wool, og gleder meg til å lesa vidare i Howey sitt mørke univers.


Kommentarer

  1. Jeg leste en annen blogganmeldelse av denne boken og den var ikke like entusiastisk som din, så nå fikk jeg lyst til å lese den likevel!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Hehe! Eg synes det er gøy at folk har så forskjellig smak,men det gjer det kanskje litt vanskeleg å vita kviforein anmeldelse ein skal følga?

      Slett
  2. Oi! jeg tror Siribokoholiker omtalte denne for en liten stund siden, og faktisk var ganske negativ. Nå fikk jeg jo lyst til å lese boken! Jeg liker forresten spørsmålene skikkelig godt, særlig det med minneverdige sitater! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så gøy at du likte lista! Eg kjem nok til å fortsetta med den:) Trur eg var sulten på sci-fi,hadde lest mykje midt på treet romanar og trengte litt action! Synes det er gøy at folk har så forskjellig smak!

      Slett
  3. For en genial liste!! Denne ble jeg veldig fristet til å låne av deg, om det er i orden? Har enda en god del igjen i boka vi holder på med nå, men så fort den er utlest, kunne det ha vært moro å bruke denne. Veldig fin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja,lån i vei! Det er bare hyggeleg:) kjekt at du likte den!

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg