Ein gamal kjenning


Ein mann på gata stoppa

han såg meg så ærleg i augo

han orka seg fram med usikkre ord

Historiar frå dengong han vart ung

og alle dei han eingong elska



"Men du då mi kjære?

Du datter av ord"

Sa han brått og vart rak i ryggen,

"kven bruker du di dyre tid på å sjå?"



Eg rakk ikkje svara før klarheiten svann

og att vart han grå i augo

"Eg bruker mi tid så best eg kan,

Eg står der og ser at du går vekk frå meg

Eg prøver å springe, gå, liste meg etter deg"



Visste han kva han fekk meg til å seie

Eller vart det bare tilfeldigheitens lykkespel

Atter ein gong, kast rundt på meg.

Kommentarer

  1. Maria, er det du som har dikta??
    Likte poesien her gitt!
    gler meg til å dra på "foto-tur" med deg, yeeah!

    SvarSlett
  2. Fekk godhug for denne mannen, kven det no enn var. Vakkert du!

    SvarSlett
  3. Ja ikkje sant! Enig der Stine!

    Maria, huska du den vesle, på-sparket fotogreia vi hadde? Stakk jo til oslo før vi rakk å sjå på det sammen, men her e et par av resultata, check it out om du vil! :)

    http://www.flickr.com/photos/kristiannem/

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg