Kjærleiken er inga stor sanning

Love is no big truth.
(Kings of Convenience)


.....bilde fra google

Kongane av bekvemmmelegheit har gode tonar og takter, men har dei meining bak tekstane sine?
Du kan høyre sangen her: http://www.youtube.com/watch?v=gxEtlqizyLg
Og eg prøver meg på sangtolkning!

For what its worth; enjoy:D

Det fyrste verset er vel ganske enkelt å tolke:
Alt eg gjer er å sove heile dagen
og å tenke på deg
Minnet om ei pute
levande
eg klamrer meg til det

Biletet av ein likeståande
Min himmel
Sommaren føresek
ein svak sang
den svinner (litt gjessning, uttydeleg snakk på han der..)


Han har hatt seg ein sommarflørt.
Han avslører at dei muligens har sove i samme seng siden puta minner han om ho. Han avslører også at det ikkje er så lenge siden, eller at han ikkje har skifta sengety sidan sommaren. Så seier han at minnet om ein likeståande er himmelsk, kanskje han var så veldig forelska, kanskje det var meir en ein sommarflørt allikevel?
(Eller så er jo alltid moglegheiten der for at han er ein veldig rar person, som har litt vanskeleg for å finne andre som er lik seg.Og i det han traff nokon som var like rar som han(kanskje tilogmed litt puteforma?) så trodde han at han hadde kome til himmelen..det er jo ein moglegheit då!)
Men minnet om denne vakre kjærleikshistoria er som ein song som svinner vekk idet sommaren avtek.
Eller så kan det jo være at lukta i putetrekket held på å gå ut sidan det bjynn å bli ei stund sida.


Så kjem refrenget:

Kjærleiken er inga stor sanning
Styrte av olabukser / gener
er me enkle egoistiske skapningar

Ein symfoni som er deg
Vekker med glede opp den sovande
ignoransen

Hm! Eg trur at nokon har blitt veldig såra!
Her kjem det nokre klassiske «whats love got to do with it?» utsagn!
Og då antek eg berre at han har fått hjarta ordentleg knust! Han seier at kjærleiken ikkje er noko stor sanning, at den er nærast ei løgn. Me er jo berre styrte av gener, enkle og egoistiske som me er. Han har heilt mista trua på kjærleiken og menneskeheita for den slags skuld! På grunn av ein heftig sommerflørt, ein rar puteven eller var det noko større?
I neste avsnitt henvender han seg til nokon! Syng plutseleg «deg», du var den symfonien som vekka opp ignoransen med glede! Eg trur dette er svaret på kva som skjedde! Eg trur han fekk seg ein smakebit av korleis det var å leve som ein mann som elska nokon andre, og vart elska tilbake. Og det fekk han til å vakne opp frå ignoransen og egoismen i seg, han brydde seg om nokon andre en seg sjølv, og han likte det! Men..

Siste vers..

Lidenskap og hans bror hat
kjem og går
men kan lett fås til å bli værande
lengre

Mange menneske leiker denne leiken
så villig
Må eg vera som dei
Eller vera einsam?


Au au, ein bitter stemning kjem ut frå desse orda. Han seier nærast at lidenskap og hat er det same! Og at kjærleik/forelskelse får de til å bli værande, som ein biverkning. Han gir uttrykk for at det gjer vondt, og at han ikkje forstår korleis så mange kan ønskje seg det han har opplevd å være så vondt. Så spør han spørsmålet: om han må være som dei : søke den vonde leiken med vonde biverkningar, eller om han ikkje gjer det... være einsam.. huff og huff. Han stiller verkeleg spørsmål til det me kaller kjærleik! Det verker for meg som om han nesten han gitt opp...

Litt småtteri på slutten av sangen:

Nokon få fleire
Av kva som er i det
Får meg gjennom det
*banjosolo*
Eg kjem aldri til å treffa ho att (gjentas kviskrande gjentatte gonger)


Vel, desse orda kan verke ganske meiningslause! Men eg trur at det han meiner er, at det som får han til å ikkje gje opp alt håp er: at noko av det han fann når han fann kjærleik, vekka opp noko i han. Noko han ikkje klarer å formulere. Noko som motbeviser den smerten han kjenner på, noko som motseier det han vil tru: at me berre er styrt at gener, egoisme og enkelheit. Eg trur han fant ut at han vakna, det gjorde vondt, men det må finnast ein kjærleik som er større en det som eit menneske kan gje, siden han har gitt opp menneskleg kjærleik. Han kjem aldri til å sjå ho att, men det er noko som lever vidare.
Kva kaller me kjærleik?
Eg trur ikkje eg er kvalifisert til å forstå kva det omfatter..

Men eg las dette ein eller anna plass;)
Kjærleiken er tålmodig, kjæleiken er velvilleg, den misunner ikkje, den skryter ikkje, er ikkje håvmodig. Den gjer ikkje noko usømmeleg, den søker ikkje sitt eige, blir ikkje oppbrakt og gjemmer ikkje på det onde. Den gleder seg ikkje over urett, men har sin glede i sanninga. Kjærleiken utheld alt, tror alt, håper alt og tåler alt.

Kommentarer

  1. gener / olabukser :p
    Du har mange smarte ord. eg har det så travelt at eg bare fekk lest litt.. Leksene kaller!
    Eg gler meg til å sjå deg i påska! :D
    klem frå ho anna

    SvarSlett
  2. å, Maria! diggar dette:D rett og slett, du gleder hjarta mitt!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg