Dette er jo litt skummelt!


Here it comes:

Eg har laga meg musikerprofil på myspace..huff og huff! Nei det er ikkje huff og huff, det er berre veldig skummelt på ein måte! Har berre lagt ut ein sang eg har skrive, "I will not move from You" Det er ein lovsang, ei bøn som seier at eg ikkje vil gå bort frå Gud uansett kva som skjer i mitt liv! Skreiv sangen når eg ikkje visste heilt kva som låg foran meg, alt var liksom så usikkert, eg visste ikkje kor eg skulle flytte,kva eg skulle studere, om eg skulle studere..Men eg veit at uansett kva desse valga blir, og kvar eg kjem til å være fysisk i livet kjem hjarta mitt alltid til å være hos Gud, eg klarer ikkje å gå bort frå han.


Det er skummelt å legge ut sanger som betyr mykje for meg, på nettet for all to hear.Men eg trur at nokon kan bli oppmuntra og få litt glede av det. Og det er jo derfor eg syng i utgangspunktet! Så då er det berre til å hoppe i det! Legg meg gjerne til som ven på Myspace då.. Eg har ingen vener der so far og synes fortsatt det er litt rart! Hehe, det var alt for i kveld!

Har nettopp vore med Katrine mi, hu har krølla håret mitt og me har "tatla" om alt og ingen ting just like the old days;) gla i deg Kitty mi!

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg