Helsinki..

Ingen bilete, kjedeled inlegg,Har ikkje så mykje å sei så du må gjerne hoppe over å lese dette;)


Ikkje? javel..;) Eg er i helsinki bor på eit hostel for natta, har gått rundt i byen i kveld/natt..shoppa litt i vaasa i dag,drukke GOD ismocca, spist finlands beste doughnuts, reist med tog til helsinki..sagt hadet til theresa, trist.men bra for me har hatt ei bra veke! (alt dette kom i motsatt rekkefölge av kva som faktisk skjedde)

(eg shoppa to styggfine kjolar, og eit par med styggfine öyredobbar:) haha - + -= +, you know.)

Har reist masse med tog, lest masse, höyrt masse finske mennesker snakke masse.Höyrt på musikk og sunget i tomme gater..Det er rart å väre aleine i ein framand storby, men eg liker det!
Berre ein ting: skulle önske eg var flinkere til å se menneskene eg går forbi,som kanskje treng hjelp.I dag såg eg ein mann som låg og sov på gata, eller eg trur at han sov, hadde lyst å spörje han om alt var bra, men eg torde ikkje..Neste gong skal eg gjere det!
alle kan vel vere medmennesker!? det kjem så mange tankar når eg ser tiggerar, pengene går ikkje til dei, dei bruker det på dop, eller eg törr ikkje å stoppe, tenk om dei ikkje forstår engelsk bla blabla...kjärlighet snakker alle språk, eg vil eg vil eg vil, sjå mennesker slik som Jesus ser dei. Som elska, og worth the effort...

Haha tenker du;ikkje så mykje å seie??jojo d kjem jo alltid noko ut or dette surrehovudet..trur resten eg tenkjer på får bli skrive ned på papir;)

Eg trur flyturen i morgo går bra!(altfor TIDLEG 0730?!?!) Men eg kjenner fred i h-rota og trur endeleg at eg (med ein god dose Guds hjelp hehe) har vunne over flyskrekken! yerss, wish me luck:) piiiz n love

Kommentarer

Populære innlegg