Nytt Innlegg

(advarsel: umenneskleg LANGT innlegg.med overbruk av parantesar!)

Har ikkje oppdatert bloggen på ei stund.(men kven merker vel det da?) Har vore sjuk. Og dataen min lever fortsatt ikkje. Så det gjer alt litt vanskeligare: skulestart, blogging, kontakt med omverda osv! prøver desperat å få lasta ned alt det crappet som må til for å få den til å funke igjen.. kvifor har ikkje dei som laga dataen min tenkt på at om dataen er kræsja, så har eg antageleg ingen måte å komme meg på internett, for å laste ned dei tinga som trengs for å anti-kræsje den igjen..Smart?
No låner eg dataen til Emilie, om du lurer, ja det gjorde du nok ja;)

Veke to på skulen, eller eg var der berre ein dag denne veka, var sjuk ja.. ikkje svineinfluensa altså, om du lurte på det og.. berre vanlig forkjølelse. Eg har det bra, er slakk i kroppen og det tar på med masse nye ting og masse stress, mennesker, byliv,aldri stille i store byen, og valg valg valg..sliten er eg rett og slett. Av sjukdom, av å sjå på tusen filmar uten å tenkje, av å tenkje, av alt.
Sliten men i Guds armer, det godt å kjenne seg trygg sjølvom ein er sliten. Eg kan sei: hold meg Gud! eg klarer ikkje dette sjølv.men allikevel så frustrerande.

Eg tenkjer masse på urett, på dei som ikkje har det bra, på dei som sitter 200meter nedfor leligheta mi og setter skudd i kroppen for å klare å takle det livet dei lever. Og dei som er aleine i denne store byen og ikkje kjenner nokon å klemme når dei er lei seg. Eg er takknemleg for at eg har det så bra som eg har det. Men kva kan eg gjere for å hjelpe til, for å gjere denne staden til ein betre plass å leve? Eg skal seie i frå om eg finn eit svar..

Dette vart eit litt dystert inlegg so far.. men om du ikkje er lei av å lese kan eg seie at eg har gjort masse kjeke ting også:

I går var meg og Emilie ute på byen for å Sjå på livet, og leve det også vel og merka.. Blandt anna så dansa me på ein thai club på grønland, der me to var dei høgaste personane på dansegulvet(tom.høgare en mennene som stod på eit platå, for å bli høgare), og det vrimla i peace-tegn, thai-jente-gutar (altså gutar som kler seg ut som jenter..mhm!) og gamle norske menn som sjekka ut dei unge thai jentene..
så blei me kjent med ein tyrkisk svenske som ikkje var dum eller påtrengane, han var høfleg og venleg han.
Også sang me knocking on heavens door tostemt saman med ein gatemusikant og sørga for at han fekk ein del meir oppmerksomheilt og penger.
også sa eg til samtlige(alle to)dørvaktar: "eg gidde ikkje å betala 100 kr for å komma inn om d ikkje e dansing der" og høyrte at eg var grunnen til at stavangerdialekta høyres klagete ut på østlandet.. men det va jo tilpass åt dei: dei sa det var liv, åsså var det kjempekjipt lissom..(hehe)
Også prøvde me å forklare ein gjeng med litauenske gutar at me ikkje var redde for dei, fordi dei var utlendingar, men at me berre ikkje hadde lyst å være med dei heilt til vestby(utkanten av oslo?!?) for å drikke øl og ha "good times" som dei sa så "romantisk".
(Ironisk nok stod me og såg på Krf sin valg-kampanje-bod, mens dei prøvde å overtale oss til å bli med..Eg trur ikkje at dei forstod at mennesker som sjekker ut krf si valgbod, vanlegvis ikkje er ute etter øl og good time)..
me hadde ei fin natt! Gud er god, og eg gleder meg til å bli betre kjent med denne rare store byen..

God natt, du kjære ven som klarer å lese SÅ LANGE Innlegg!! eg er imponert!

Kommentarer

  1. Eg tykkjer det var eit fint innlegg eg, Maria min! Oslo er ein fin by, men det tar litt tid å venne seg til han. Og ein klarer vel aldri heilt å venne seg til å sjå mennesker i veldig vanskelege livssituasjonar.
    Kva tykkjer du om nynorsken min forresten?? Eg tenkjer berre spansk for tida, så eg må passe på at nynorsken min ikkje forsvinn ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg