Det er som om heile verda har låge i dvale..


Alle ungdommane har blitt vaksne
Alle borna har blitt ungdommar
Alle mødrene har blitt slitne og eldre
Untatt mamma, ho er fortsatt vakrast av dei alle
Eg er framleis den same. Maria




Det er tri år sidan livet mitt var her heime i bygda mi
men framleis så har eg det her i bakhånd til
stunder som disse. Påskeferie.
Og alt er det same
Bortsett frå alt


Det er som om alle har sovna i tri år
og at dei vakner opp når eg kjem heim
som tornerose som våkner opp frå draumen etter hundre år.
Ho burde vore eldre, men er berre vakrare




Minnene er vakrare
skjørare
meir fargerike
og meir mine.




Eg les bøker som tar meg inn i djupe tankar
Treff mennesker som tar meg med inn i djupet av sitt liv
Men eg må hugse å ta tid til å sjå opp
Eg gløymer det så ofte.

Kommentarer

  1. ja, det er rart, egentlig.
    hih. morsomt, også. fordi jeg veldig skeptisk til dots først, men så synes jeg de var kjempegode etterpå.

    /fredrikke

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg