Señor Peregrino.


No skal eg fortelje om ei verkeleg vakker bok! Kjøpte den forrige veke og las den ut i ein fei! Den handlar om den vakre jenta Jamilet som ber på ein stygg løyndom og Antonio (Senor Peregrino)ein gamling i eit galehus, korleis dei møtes, og liva deiras tvinnar seg saman til eit spennande og oppslukande eventyr. Eg var heilt og fulstendig oppslukt av historia og personane! Verkeleg eit mesterverk som rører og skildrer livet som ulovleg innvandrar i Usa på ein halvrealistisk og halvevntyrelg måte!

Eg har herved lagt min elsk på Cecilia Samartin, etter eg fekk ei like vakker bok som denne skriven av ho til jul.(av gode Bestemor-Takk!) "Salvadorena" heiter den, den er tragisk og trisk men vakker; eg grein når eg las den. Og eg lo når eg las "Senor Peregrino", kvar til sitt bruk ,vakre vakre historiar.. Gler meg til å lese bestselgaren hennar "Drømmehjerte" håpar den lever opp til dei andre to!




Kommentarer

  1. Så flott at du likte den! Jeg jobber på en bokhandel, og alle de bøkene av henne er kjempe populær. Men jeg har ikke lest de! But I will, jeg må jo det ;)

    SvarSlett
  2. den har eg og lest!!!
    og den E kjempegod.. :)

    SvarSlett
  3. Men den kommentaren på omslaget kunne dei ha spart seg for. Allende + Coehlo? Ugh. (Då kan eg godt skjønne at ei Norli-tilsett likar boka, må jo selje som VG. Hmm, når eg tenkjer meg om er det nok difor den kommentaren er på omslaget.)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg