Hardbarka



Heime på tunet står det eit tre. Eit bjørketre, det har stått der alltid. Kattane klatrar i det, og ungane leikar omkring det. Det kastar skugge over leikeplassen, og om hausten dryss det oransje blader ned i håret mitt.
Ein dag, for monge år sidan, hadde nokon skrapa i barken og laga store merker i treet. Det byrja sikkert som ein kjærleikserklæring med nokre initialer. Kanskje kjærleiken skrumpa inn og merket var blitt skrapa av på grunn av det. Kanskje rampete born hadde skrapa vidare på bokstavane og laga store, stygge merker. Uansett. Merket i barken vart større og større, alle pilla liksom borti det.

Så byrja ryktet å gå: Hvis ein piller av all barken i ein runde rundt heile treet, så døyr det. Treet visner om barken er av heilt rundt stamma. Alle borna visste det. Me snakka om det når me sat på leikeplassen og såg på det. Eller når me åt is på benken i skuggen av det. Alle var borti og pilla litt til på såret i barken. Alle sa "å ,eg håper ikkje treet døyr" men alle ville sjå om det verkeleg var sant, at det kom til å døy av det, og pilla difor meir og meir på barken.

Ein dag hadde nokon pilla av all barken på eit stort område rundt heile stammen. Bar. Inga beskyttelse mot mauren som åt på det, eller vèret som skura ned på stammen. Dei dyrebare væskene som skulle halde treet levande fordampa gjennom såret i barken. Me venta på at treet på tunet skulle døy. Det var jo det alle sa kom til å skje. Så me venta på det.

Me mennesker har bark. Lag på lag med beskyttelse. Som skal hindre insekter å ete opp det som er inni oss. Me har lokk som skal hindre sjela vår i å fordampe ut or kroppen. Om beskyttelsen blir riven av, skrapa av med ein kniv. Og dratt av med kraft, eller nysgjerrige bornefingrar for å avsløre det sårbare treverket under barken. Vatnet frå sjela renn ut. Treverket gret. Kva skjer eigentleg då? Alle snakker om det, og aller trur at dei døyr av det. Beskyttelsen vår er det einaste forsvaret me har. Utan den, er det i det heiletatt mogleg å puste? Er det sant eller er det berre rykter og oppspinn?

Kva skjedde med treet vårt på tunet då? Me hadde pilla av all barken me. Men det står der i dag. 10 år etterpå. Monge meter høgare. Eit par cm breiare. Gråare, bjørk pleier å bli det med åra. Der som det daudelege såret var den gong, er det berre enndå tjukkare bark no. Ein klump med bark som har samla seg opp faktisk. Skikkeleg hardbarka.

Kommentarer

  1. oi. så utrolig fint bilde. (det i bunnen, hih).
    og det mora di sa. det er jo kjempefint. åååh.

    oi. hvor lenge har du vært i den ørkenen?

    /fredrikke

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg