Nokre gonger..

...Får ein ikkje sove fordi det er så mykje vår i kroppen
...Vil ein gjere alt og ingenting på ein gong
...Er hovudet så fult at det plutseleg virker tomt
...Ser ein mennesker på ordentleg
...Kjem ein på geniale idear som må skrivast ned før dei vart glemde
...Klarer ein ikkje å forstå sitt eige språk
...Må ein stå opp kl 5 for å lage nattmat, eller frukost alt ettersom
...Vil ein snakke med alle i heile verda, men vere aleine og
...Kan ein sjå på The Office eller Family Guy fordi ein treng å le av ting som ikkje ville vert morosamme på ordentleg
...Finn ein ut kva ein eigentleg vil fordi ein gjer ting ein ikkje vil utan at ein visste det
...Ser ein føre seg alle verdas fargar i eit maleri, og alle verdas tonar i ein song, ja det ville vert kaos, men fint likevel
...Hugsar ein på at livet er ikkje på ordentleg før ein er klar over det
...Kriblar det i kroppen,utan at ein veit om det er kaffi eller glede. Det er nok begge deler.
Og saknar han litt!

Kommentarer

  1. å, fint innlegg og helt enig, jeg tenker og gjør masse av dette når jeg ikke får sove!

    SvarSlett
  2. Og du! Hvis du noengang reiser til Bergen, da må du gi meg en lyd!! :)

    SvarSlett
  3. Jeg kjenner meg så veldig, veldig i nummer 1 her - når søvnløshet på grunn av vår i kroppen.

    SvarSlett
  4. *igjen, det mangeler en igjen i den setningen min ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg