For real

På ein blogg er det veldig lett å forvrenge sanninga. Ein er sin eigen sensor og kan få livet sitt til å sjå ut akkurat slik som ein vil. Det er leikande lett å berre poste innlegg som er fine. Eg ser det på min eigen blogg. Eg skulle gjerne ønskje at dagane mine var fylte med blomstrete mønster, popmusikk,fargar,fine eventyr og draumar,vakre dikt og fotografi,oppmuntrande ord og kraft til å handle. Men på ordentleg, utanom desse ønskene så er eg sliten, sjukemeldt og litt redd for at eg ikkje skal komme meg vidare frå denne tilstanden. Men då er det lov til å legge ut vakre bilete og ord, lette tankar og draumar, berre fordi det blir litt lettare då, å sjå det fine. Og å vente på tider med meir energi. Ein kan seie at eg er litt på pause, og det er greit.

Kommentarer

  1. eg lige når folk kan sei d som d e. takk for ærlighet:) og så lige eg deg. og at eg kan få sitta ner med deg i pausen. kjærleik!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg