Atter ein gong

Eg lager musikk. Atter ein gong
Det er ikkje lett å finne fram kreativitet no.
Det er akurat som å presse vatn ut or ørkensand.
Men om eg graver djupt nok i den så kjem eg vel til det ein gang?
Eg må minne megsjølv på at den finnes inni meg ein stad, at eg kan dette, at eg likar dette.
Det er nesten som å måtte seie til seg sjølv; "Hugs at sjokolade er det beste du veit då, så slepp du å glemme det"
(Note to self Maria: Hugs at musikk er ein del av deg, ikkje skru den av.)

Kom på at eg er med å synga på nokon songar på myspacen til Trine
"Charlotte"- Meg & Eirin
"Poison"-Meg
"Arise my love"-Meg og Eirin

Det er tri songar frå ein spelejobb i påska, alle komponert av dyktige Trine. Eg kom over dei no igjen, det inspirerte meg litt til å sjå fram mot meir musikk-glade dagar når eg får litt meir energi i kroppen. Det skal bli fint.
Fram til det kjem noko nytt, er det bra å hugse på det som har vert! (kunne ikkje det ha blitt eit fint ordtak, eg har alltid hatt lyst til å finne på eit ser du..)

Kommentarer

  1. Jeg hørte nettopp på sangene som du synger på, og du er jo bare helt utrolig flink! Stemmen din er nydelig og sterk og fyldig. Veldig fine sanger og melodier også.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg