Eg er bra-boka

No gjer eg noko som eg aldri har gjort før i mitt liv!Eg driv på å lese ei bok som heiter "Mer Selvfølelse". Det er ei slags sjølvhjelps bok inspirert av amerikanske selfhelp-bølger.Ein sjanger eg ikkje har vorte borti tidlegare. Så eg les med eit skeptisk blikk og synes neste det heile er litt komisk (Dr.Phil type komisk) Men, komisk eller ei, dama har jo monge gode poeng! Og då må eg berre ta humoren min og stappe den litt under teppet, berre mens eg les. Slik at eg kanskje kan lera noko nytt og nyttig!


Eg har lært at sjølvfølelse og sjølvtillitt er to heilt forskjellige ting. Sjølvtilltt er tillitten du har til dine evner og egenskaper. Mens sjølvfølelse derimot er tryggleik i at ein er verdifull uansett kva evner og eigneskaper ein har. Ei kjensle av at ein har kontat med segsjølv og sin eigen verdi. Og ikkje samanlignar seg med andre, lar seg bli nedbrutt av skuffelsar eller vanskelege ting.
Dette er noko eg aldri har tenkt over at det er ein forskjell på, så det er vel på tide.

Berre å lese denne boka kan vere litt irriterande, for det er solskinnshistorie på solskinnshistorie om mennesker som har fått livet sitt snudd på hovudet av hennar teknikkar og tips.(då blir eg jo irritert! Er det berre eg som har det slik?) Men om ein ser gjennom det, og tenkjer seg om kva ho faktisk seier, og er villeg til å prøve ut nokre nye teknikkar og tips så trur eg det kan vera positivt, og faktisk bygga opp sjølvfølelsen litt. Noko som er heile poenget.

Nokre ting er eg ikkje enig med ho i, andre ting er eg ikkje så intessert i, mens nokon ting er eg villeg til å prøve meg på. Slik er det. Eg ønskjer jo å vera bevisst på det eg tilegner meg i livet mitt, eg kan lese mykje, men det er få ting som kjem gjennom all min skepsis og ender opp med tilegning. Men no er det ein ting som ho skriver om: "eg-er bra-boka". Det høyrest litt barnsleg ut, litt banalt. Men eg har faktisk tru på at det virker, å skriva ned ting kvar dag som ein er nøgd med om segsjølv. Det skal ikkje vera egoistisk eller sjølvsentrert på ein navlebeskuande måte, det skal vera ærleg og ekte. Fortelje segsjølv sine sterke sider og sin verdi, enkelt og greit.
Kroppen treng fem frukt om dagen for ein energiboost, eg trur psyken treng det og! Så eg har starta med fem om dagen, i denne nye eg-er-bra-boka. Haha, det er litt morosamt. Og eg anbefalar alle å gjere det same! Berre for di eiga skuld, fordi du fortjener det:) Spm: Visste du om forskjellen på sjølvfølelse og sjølvtillitt? Eller slik som meg, aldri ofra det ein tanke? hehe..

Kommentarer

  1. hehe- så gøy med bra boka!:) støtte deg! eg har vert klar øve forskjellen på sjølvfølelse og -tillitt, men det va kanskje ikkje et sjokk:P

    SvarSlett
  2. haha, d spørsmålet va vel egentlig retta t andre en deg.. for,ja. eg visste at du visste d;)hehe

    SvarSlett
  3. haha, dere to er MEGET søte! Bra tiltak Maria ;)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg