Link Love

The Hunger Site: Likar du å kjøpa ting på nett? Likar du, som meg noko eksotisk og unikt? Her kan du kjøpa klede,pynteting,resirkulert kunst,smykker og alt mogleg! Det er fairtrade, og for kvar ting du kjøper så støtter du enten lokale føretak i u.land, eller så får du sjå kor mange koppar med mat din handel gir til mennesker som treng det. Dei delar overskuddet med fleire forskjellege veldedige organisasjonar.

Odosketch: Skisseside, du kan teikne dine eigne, sjå på tusenvis av andre sine teikningar, idear og skisser. Eg syntest faktisk at teikneredskapen var ei av dei beste eg ha funne til no. Likar jo oldschool papir best, men dette er eit bra alternativ altså!

Nedsig: Humor. Norsk versjon av failblog, mykje morosamt der altså. Hvis du likar å le av randoms. Slik som meg, eg ler av alt.

1000 Awesome Things:
Leste om denne sida på Ragnhid sin blogg, og vart heilt fasinert! Det er berre awesome !

Awkward Family photos: Pinlege augeblikk, fanga på bilete?? Jatakk!

cacaoweb
: Lyst på sjokolade, men er tom for idear?? Åhh.. sjokoladeelskarar , elsk dette!

Veggie in Norway:
Dei oppskriftene eg har prøvd frå denne bloggen er fantastiske! Vegetarmat er eit sunt alternativ, pluss at det krever litt ekstra kreativitet. Det blir litt utanom det vanlege, men det er så kjekt! Pluss at vegg-ing er godt for miljøet!

We Heart It: Eit nettverk av bilete som folk har "hjarta", du kan søke på emner og lage ditt eiget hjarte som dei bileta du "hjarter" blir lagra i. Eg finn dei fleste bileta som eg ikkje tar sjølv, nettopp på weheartit.com. det er så mykje fint, eg lovar!

Biblos: Les alle versjonane av Bibelen som finnes (trur eg), på alle språk. Sida har kart, veiledning om korleis lese Bibel, ordbok/forklaring, vitnesbyrd og kommentarar. Alt som trengs for bibellesning, rettogslett.

Polyvore: Collageside. Eg har nettopp funne denne, og har ikkje hatt tid til å prøve den så mykje, men det eg såg var gøy! Sett saman bilete, skriv, rediger og ha det gøy!

Det Norske Teateret UNG : Få ungdomskort og gå på teater for berre 85 kr. Få tips og nyhende på mail. Bur du i oslo meld deg inn! Eg har ikkje fått sjangsen til å gå enndå, men eg er blitt medlem og får oppdateringar om nye oppsettningar, så det blir nok nokre turar innom etterkvart som energien kjem sigande tilbake i meg. Gler meg!

Polardroid: Hvis du, som meg har ønska deg polaroidkamera i lange tider. Og sjekka og sjekka kvar ein kan få tak i film og sånnt. Men liksom ikkje finn det rette, til rett pris, hehe. Så er dette ein fin (midlertidig) løysning! Last ned eit program som gjer dine digitale bilete om til polaroidbilete, digitale då, vel å merka. Men det er så sjarmerande. Programmet er eit lite kamera som tar tid for å fremkalle bileta, du må riste på dei og vente. Akkurat slik som det skal vere. Det er veldig gøy, bileta får det koselege polariodpreget over seg! SLIK:





Sist men ikkje minst: Dear blank, Please blank..Veldig gøy:D

Håpar du likar linkane! Har du nokre tips til meg kanske?

Kommentarer

Populære innlegg