Vanskeleg.

Eg har byrja å skrive dette innlegget monge monge gonger! Men det er vanskeleg. Veldig vanskeleg. Eg veit ikkje kor mykje eg vil dele av her på bloggen, og kor mykje som bør holdas tett inntil brystet, eller kva som i mitt liv kan hjelpa andre i sitt liv. Som person er eg ganske ærleg vil eg sei, så det kjennes ikkje feil å dela personlege ting på eit opent forum som ein blogg.(I allefall når eg veit at dei fleste som leser her er vener og familie uansett) Men om eg ikkje skjønner noko, eller kanskje ikkje er ærleg med megsjølv, då blir det vanskeleg å vera ærleg med andre og. Og akkurat no er eg ganske forvirrande merkar eg.

Tingen er at eg les ganske monge bloggar, litt fordi eg er fasinert av mennesker som tørr å eksponera bitar av segsjølv på den måten, og litt fordi eg er fasinert av fenomenet blogging. Som ei trend-bølgje som skyller over landet/verda vår har blogging inntatt de tusen hjem. Nokon bloggar er djupe og fulle av sitat og tekstar og bilete som appellerar til sjela. Andre handlar om mote og utsjånad, kreativt/interiør, eller rettogslett berre tørrpjatt om kva bloggaren hadde på kneip-skiva si til frukost. Men nå og då kjem eg innom bloggarar som verkeleg er ærlege om liva sine. Som skriv inspirerande og oppbyggande. Og alltid, alltid tenkjer eg: Det vil eg og. Så det er nok grunnen til at eg har begynnt på dette innlegget så monge gonger: Eg vil skriva noko som betyr noko! Som er verdt å lesa, som kan hjelpa lesaren i sitt liv, i sin kvardag. Og eg trur nesten ikkje det er mogleg om eg ikkje tørr å gi av megsjølv.

Men om eg skal gi av megsjølv, blir dette plutseleg skummelt! Vil folk forstå? Vil nokon bry seg om det er skriv? Gjer det ein forskjell i det heiletatt? Det er risken; å få eit nei på alle desse spørsmåla. Men det er ein risk eg vil ta. Fordi eg trur at den som intet våger intet vinner, og då må eg berre følge mitt eige råd. Må eg ikkje?

Eg har i ganske lang tid hatt det veldig tungt. I løpet av dei siste månadane har eg fått diagnosen depresjon, starta med behandling og har måtta setta monge av planane mine og drømmane mine på pause. No går det framover, sakte men sikkert. To skritt fram og tri tilbake nokre gonger. Men så lenge det går mest fram, er det bra.

Det starta ca for eit år sidan, med at eg var mykje sliten i kroppen, og ikkje orka så mykje som eg pleidde. Så forsvant konsentrasjonen min, og eg vart ikkje motivert til å fortsetta med studiene eg hadde starta på. Eg trudde først at det var noko fysisk, for "eg kunne jo ikkje vera psykisk sjuk"! Eg tok monge blodprøvar, trudde det var lågt stoffskifte eller jernmangel, legen trudde det var beggedeler. Eg var forvirra og lei. Ingenting hadde meining lenger. Musikk, kunst, Gud. Alle tinga som eg før elska, mista liksom gradvis hensikten sin. Det virka som om heile meg mista hensikten min. Eg kunne ligga fleire dagar, utan å orka å eta eller gå ut. Alle følesane hopa seg opp ein stad longt longt inne i meg, og kom seg ikkje ut! Eg var heilt nummen.

Dette var heilt fjernt for meg, eg som før hadde vert aktiv og glad. Utan problemer med å ha full timeplan, vera med vener eller ta initiativ til sosiale ting. No var alt dette plutseleg vanskeleg! Etter eg avslutta studiet og kom heim til familien min, sa eg det slik det var. Og berre eit par dagar seinare fekk eg diagnosen og starta med behandling. Slike ting tek lang tid å bli frisk frå, i allefall når eg lot det gå så lang tid som eg gjorde før eg gjekk til legen. Men eg skal bli frisk, eg snakker med folk som veit kva dei driv med, eg får bekreftelse på at eg tar stega i rett retning, og at det er normalt. Livet mitt har ikkje mista meininga, eg er berre sjuk! Det er så himla herleg å vita dette! At ein kan få hjelp, at ein kan bli frisk! Og leva eit sunnare friskare liv enn før ein vart sjuk. Eg er der ikkje enndå, men eg ser fram mot dette!

Dette er berre slik eg opplever det, folk er jo forskjellige og har forskjellige erfaringar med si psykiske helse. Men eg oppfordrar alle til å vera bevisste på helsa si, og å søka hjelp om ein merker at kroppen/psyken går utanfor sitt normale adferdsmønster. Og for all del: ta godt vare på deg sjølv! Du er så absolutt verdt det!!

Kommentarer

  1. Jeg er glad du delte det!
    Lykke til på veien mot er bedre liv! : )

    SvarSlett
  2. Takk for at du delte dette. Veldig personlig, men også noe som mange andre går gjennom. Jeg ante ikke at du er syk ( kjempebra at det går gradvis oppover!!:) ) fordi du har klart å skrive om Gud her på bloggen og et liv som har mening. Det er sterkt av deg å gjøre selv om du har depresjon! Det viser at du kommer til å klare å bli helt frisk igjen, og det virker som du er veldig motivert til å bli det, og det er så bra!!:) Jeg vet ikke hvor vanskelig det er, for har ikke opplevd det selv, men jeg kan forestille meg at det virkelig ikke er noe lett. Leste et innlegg på livingdoll for ikke så lenge siden, hvor hun skrev om akkurat det samme som deg - depresjon, og at det bare er en sykdom og at livet ikke har mistet mening. Jeg digger deg og syns du er kjempetøff! Stå på, Gud er med deg hele veien <3 God klem fra meg

    SvarSlett
  3. Eg sette pris på din ærlighet og at du gir oss rundt deg mulighet t å få et stadig større innblikk i koss du har d! Og du må aldri tvila på om d du skrive gir meining. D du seie og skrive har alltid betydd masse masse for meg!Du har alltid vært den kloke eg søke råd hos, og eg tar alltid t meg kvert ord du seie! Du betyr masse! gla i deg vennen!

    SvarSlett
  4. Du er utrolig tøff som tørr å dele noe så personlig så åpent. Heier på deg, og vet at du kommer igjennom!! :)

    SvarSlett
  5. ja til ærlighet! sannhet setter mennesker fri. någe av det eg syns e vakrest i heile verden, e når folk våge å ver ærlige på en sårbar og befriende måte- det klare du! du e et av de vakreste menneskene eg kjenne.

    SvarSlett
  6. Utrolig bra innlegg! For et år siden merket jeg selv at jeg var på vei inn i noe jeg ikke kjente meg igjen i. Ingenting hadde mening, jeg hadde ikke lyst til å gjøre noe annet enn å sitte å se i veggen, og jeg følte at ingen egentlig brydde seg om meg.
    Kjæresten (og bloggen min, faktisk) klarte å snu meg om, og fikk meg til å se verden slik jeg egentlig pleier igjen.

    sv; Jeg skal på hillsongkonferansen i london ja :)

    SvarSlett
  7. Åh huff. Det er bra du skrev dette. For du hjelper ikke bare deg selv, men kanskje mange andre også?

    <3

    SvarSlett
  8. Tusen takk for din at du delte dette, og for din ærlighet! Det er mykje kjekkare å lese blogger med skikkelig innhald, djubde og ærligheit :-)
    Du er ein tøffing som våga å søke hjelp! Og det er godt å høyre at du er i gode hender :) Ønsker deg lykke til! Og husk, dette er ein periode. Det er ikkje ein del av din identitet. Og det er heller ikkje noko som Gud har påført deg. Gud = kjærlighet:)
    Slenger med ein hærlig sang: http://www.youtube.com/watch?v=-GeVf1XQOPg og eit bibelvers ”Kom til meg, alle dere som strever og bærer tunge byrder, og jeg vil gi dere hvile” Matt 11,28. Gud lengter etter å få være med deg :-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg