Søndagskveld 101010!

I dag tenkte eg å prøve meg på "Kvardagsblogging". Men det er jo eit lite poeng å faktisk ha eit liv då. Og sidan eg ikkje har verken energi eller noko særleg liv for tida så tenkte eg at denne kvelden i dag var kanskje verdt å blogga om. Jammen santen! For i kveld gjekk eg på kafè med Cecilie, og er ikkje det kriteriet for å vera ein god kvardagsbloggar då?? Å gå så mykje på kafè som mogleg og blogga om det og posta bilete av segsjølv og kva ein drakk og hadde på seg og sånt? Tja... La oss sjå.

Slik såg eg ut:

Apropo utsjånad, så sat eg på ein benk og venta og bretta oregamisvaner av kvitteringar, så kom det ein smilande mann bort til meg og samtalen gjekk ca slik:

Han: -Wow, så fint hår du hadde!
Meg: -Haha?! Jo takk du!
Han: - Ja du må jo ha spart og spart for å få det så fint og fyldig?
Meg: - Haha! (ca her merka eg at dette var litt rart)
Han: -Også har du farga det, sant?
Meg: -Ja, det har eg vertfall!
Han: - Kva farge har du eigintleg då?
Meg: - Ein mellomfarge,mørk blond vil eg seie.
Han: - Ja sånn lysebrunt ja!
Meg: -haha, jada.
Han: - Okay, hadebra!

Så kom Cecilie, og eg fortalte ivrig om samtalen med den random hårbeundraren min. Me gjekk på ein kafè som heiter Sjokoladepikene eller noko sånnt, og der var det ei god sjokoladelukt som møtte oss i døra. Så der sat me og drakk kaffi, spiste sjokolade og snakka om livet, mimra om barndomsminner og fantestrekar og berre koste oss. Det var veldig koseleg og avslappa steming! Cecilie, du er ei av dei tøffaste eg kjenner, berre så du veit det! Eg er takksam for å kjenne deg♥

OG! På veg til bussane våre såg me han her:

Han berre sat tilfeldig i eit utstillingsvindauge og poserte. Eg berre: "ååå sjå!! den er ekte! den er ekte!! wooow. Må ta bilete av han! "

Så fantastisk innaldsrik kveld hadde eg!(eg tok ikkje bilete av verken Cecilie eller kaffien, men dykk får no bruke fantasien og førestille dykk noko og liksom! Hallo...) Eg forstår jo godt kvifor alle dei "store" bloggarane skriv om kafè-besøk. Det er jo veldig kjekt! For meg er det litt stas, for det er fyste gong på ganske lenge at eg faktisk har hatt energi/ork til å gjera noko anna en å gå ein liten tur og krasja på sofaen etterpå! Hurra:)

Kommentarer

  1. Koslig Maria :)
    Her e det 10.10.10 fest også,
    men vi holde oss i stua...

    SvarSlett
  2. Så koselig da!
    Han mannen hørtes nå litt snodig ut da.. :P

    SvarSlett
  3. Kul mann. Det e bare fordi du e kul. Og den hunden va kul. KULT.

    SvarSlett
  4. Hehe :P Morro at han likte håret ditt. Sånne samtaler glemmer man ikke lett :) Og søt hund:) <3

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg