Korleis eg skriv ein song



Metode ein: Skru mobilen på opptak (eller data/noko). Også berre finn på alt som faller deg inn. Med denne metoda blir det mykje hjerte/smerte ,altså klisjerim. Men det blir mykje gode melodiar då, for det blir mykje spontant og fint. Så teksten kan ein alltids fikse på dagen etterpå, når du høyrer igjennom opptaket og blir litt flau av alle klisjeane som bur inni deg. Her må ein tåle å høyre sin eigen stemme både sprekke og skeie ut. For det blir jo ikkje bra om ein ikkje prøvar seg på det som er stygt og.

Metode to: Å først skrive tekstar/dikt. Og etterkvart legge på melodiar og tonar. Når eg gjer dette prøva eg å ikkje bruke opptak, å heller la alt bearbide seg inni meg. Det er litt meir "stress" å hugse på alt, men blir ofte meir gjennomtenkte sangar.

Metode tri: Å tenke på ein song som eit kunstverk. Då tek eg i bruk komposisjonslæra frå vgs (teikning form og farge!) Då må ein lage elementa i ein song som ein veit passar saman og som skal vera der. vers, refreng og bro. Og akkordar, klangar og sånnt som er musikkteori. Musikkteori er eg veldig dårleg på. Men om eg sit fast med ein song så tyr eg ofte til litt komposisjonslære (på formgivingsvis), hehe. Eg tenker på utkast av songar som skisser og tonar som fargar. Forstå det den som kan, men det funkar for meg!

Men eg må seie at dei beste sangane berre kjem, utan så mykje omtanke og framprovosering. Akkurat som om dei bur inni meg ein plass, og vaknar opp når tida er inne.

Spm:Skriv du melodi/tekst/begge?
Viss ikkje, vil du?

Kommentarer

  1. jeg har skrevet en sangtekst i mitt liv tror jeg, skrev en i fjor.. jeg liker egentlig å skrive, men jeg tør aldri å vise det til noen.. :|
    det hadde vært gøy å klare å skrive sanger, både tekst og melodi, men jeg har prøvd noen ganger og det er ganske vanskelig. jeg har lagd noen veldig simple gitarriff, da. haha. der har du min erfaring. XD
    men jeg hørte på sangen som ligger i menyen her, og den var kjempefin! du er flink både til å synge og spille og skrive :)

    SV: så koselig :D

    SvarSlett
  2. Har lyst til å lage en sang! Skal ta til meg rådene :)

    SvarSlett
  3. tenke du på dager som farger og kanskje? haha :)

    SvarSlett
  4. Når eg skriv songar berre kjem dei av seg sjølv... om eg prøver å pressa fram noko kjem det ingenting :P

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg