Kva er best?


Av alle tilfeldige ting å spørje dykk om, valgte eg denne gongen å spørrje om kva måltid dykk likar best. Eg veit ikkje kvifor, men det gir meg ei enkel glede å vita at ein viss prosent av dykk likar ditt, og ein viss prosent av dykk likar datt. Det er nesten som om sjå inn i auga til nokon du ikkje kjenner på trikken og smile samstundes. Og tenkje "Hei, me reiser saman me". Så no kan eg tenkje, "Hei, me likar middag me".


Taparen av spørjinga var Kveldsmat, utan tvil. Med skarve 9% skulle ein tru at kveldsmat var det verste måltidet på jorda. Om Middag var filmen Grease, så er Kveldsmat Middagen sin skabbete oppfølgjar; pjuskete Grease 2, liksom. Æsj. Nei, det er ikkje mi meining! Personleg vil eg på vegne av Kveldsmat, be dykk om å gje den ein ny sjangs. Berre fordi du har meir lyst på snop på ein mørk vinterkveld, treng det ikkje gå utover Kveldsmaten! Absolutt ikkje. Nei, kveldsmat er betre en både lunsj og frukost til saman spørr du meg. (Men no spurte jo ingen meg. Eg spurte dykk) Og dykk har gitt dykkar svar, sukk. Stakar Kveldsmat, lun fin og trufast.

Lunsj med 22% og Frukost med 24% kom ganske likt ut. Frukost er det verste måltdet i verda synes eg. Viss det ikkje er 1.Juledag, for på 1.Juledag er Frukost greit. Men eg forstår kvifor dykk likar Frukost. Frukost er sunt, bra for ein, sporty. Frukost er jocken i teenage-filmen. Han har den finaste bilen, søtaste kjerasten som er cheerleader(yogurt,hihi) og er kapteinen på fotballlaget. Ikkje min type, med andre ord.

Lunsj derimot er ein kul råkkefilm. Lunsj søv lengre utpå dagen, men er eit lite avbrekk fra ein travel skuledag/arbeidsdag. Han er full av overraskelsar, kan vera både varm og kald, søt og salt. Pluss at han er fleksibel, og blir med deg kor som helst. Ååå. Lunsj.. wait, du er berre eit måltid...

Men Middag. Middag tar kaka. Det veit jo alle. (43% vil sei ALLE i mitt hovud!) Middag er liksom Storfilmen då. Den er varm, spennande, næringsfull, med action og innhald. Den gir ein perfekt balanse mellom avslapping og utfordring, og etterpå er ein så mett at ein er heilt storfornøgd med det meste! Middag, you know we love you!

(Men heilt ærleg: We`re only using you to get to Desert;)(Alle bilder fra Weheartit, gidd ikkje linke..dårlig,javeit)

Kommentarer

  1. Haha, jeg liker frokost best jeg!
    Det finnes virkelig ikke noe bedre enn frokost, men det er viktig å ikke ødelegge den med fett da, det er ufint.

    SvarSlett
  2. Frokost e absolutt best :)

    Likte metaforene dine :D Du e tøff!
    Men prøve du å sei at "Reproduction" ikkje jørr Grease 2 te verdens beste film?? :O pfft.....

    SvarSlett
  3. @alien :Haha, joda..reproduction e... intresang:p

    Men anna! Tur i dag!? Eg såg ikkje meldinga i går(sorry!!)

    SvarSlett
  4. @Sigrid: ja, eg har forstått at eg er ganske aleine med å misslike frokost. men men;)

    SvarSlett
  5. haha! du e så kreativ Maria! wow! koss komme du på d? (positivt meint liksom....)

    SvarSlett
  6. Haha! Dette innlegget likte eg :)(ikkje at eg ikkje like di andre innleggene altså!) Du e kule du!

    SvarSlett
  7. hahaha lol! Likte måtene du beskrev måltidene på. Jeg stemte på middag da. Fordi det er mest innholdsrik mat, og fordi det liksom er en pause midt mellom morning og kveld. :D
    "We're only using you to get to desert" haha, den var ganske morsom :P

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg