Om å kjempe

Eg les ein blogg som har ein veldig sterk historie å kome med. Ho skriv ofte utfordrande og skarpt.I dag las eg dette blogginnlegget . Ho skriv mykje her, men det som hang igjen i meg var dette: Å slutte å bruka opp kreftene på å kjempa imot det som er vondt og tungt. Å heller begynne å kjempe for det gode ein vil ha i livet. Då trur eg at ein automatisk reiser seg sterkare ut av dei tinga som ein vil ut av, på kjøpet. Ein blir meir bevisst på kva ein fortjener. Og korleis ein vil ha det. Eg tenker veldig ofte at eg verfall ikkje vil ha det sånn som eg har det no! Men då ofrar eg depresjonen min energi. Og matar den på ein måte. Eg vil heller kjempe for mine mål, mine draumar, det eg fortjener og det som er bra for meg.

Kjenner du deg igjen? Eg trur ikkje eg er aleine vertfall!

Kommentarer

  1. Fine og riktige ord. Jeg bruker å skrive ned tre fine ting om hver dag før jeg legger meg. Det er fint.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg