Dagbok

Ja, eg skriv dagbok, eller journal, eller tankar. Det er fint, men avogtil litt rart og, for så mykje bur inni meg som eg ikkje alltid klarar å uttrykka, så plutseleg så skriv eg det. Men uansett: Eg bladde tilfeldigvis opp på ei side i dag, og vart overraska for eg hugsa ikkje at eg hadde skrive dette. Men eg synes det var fint, og vil veldig gjerne dela det med dykk! Eg lurar på om eg har skrive det i søvne til megsjølv. (for eg pleiar å ha boka på nattbordet og skriv avogtil i halvsøvne)



"Ver sikker på at du har elska nok,
før du seier at livet er tungt.
Hald fast ved horisonten du har framføre deg.
Det er den einaste peikepinnen du får.
Gje aldri slepp på din kjepp og din stav,
dei vil halda deg oppe på din mørkaste dag.
Og gå ikkje einsam,
det er ikkje godt for hjarta.
"




Kommentarer

  1. Det ligger noe i det der, virkelig!

    SvarSlett
  2. Det va veldig fint skreve :-) Du e flink med ord, Maria! Veldig! :-)

    SvarSlett
  3. nydligt!

    / hehe bare nesten ;)

    SvarSlett
  4. Samme her :) Begynte som lita å skrive dagbok og har enda ikke sluttet. Vel og merke handler den ikke nå om den ene småforelskelsen etter den andre, hihi :)
    Den teksten der var nydelig, Maria!!

    SvarSlett
  5. Høyrest mesta ut som noko lyrikaren Kristofer Uppdal kunne skrivi :D

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg