År

Eg skal ikkje skriva eit innlegg om året som var! Om du ønskjer å lesa om det kan du berre grava deg ned i arkivet, versågod. For dette året var for meg fylt med meir tårer og hikst enn nokongong. Dette året var fylt med smerte og knuste draumar. Fylt med tvil og skuffelse. Kamp. Masse kamp under hjarta mitt.

Den klamrar seg fortsatt fast i meg, kampen. Men eg set ikkje min lit til noko av det: Ikkje eit nytt år, ikkje følelsar. For det nye året blir fylt med nye ting før eg veit ordet av det. Men ein ting skal eg lova megsjølv, det skal ikkje bli like vondt. Alt dette nye som kjem mot meg, eg skal ikkje la det knekka meg igjen. Det skal bli litt betre kvar einaste dag.

For eg skal feira med latter og kjole på. Med vener og familie. At me lever, at me har overlevd. At me pustar og klemmar og held fast i kvarandre uansett kva som skjer. Eg skal feira med smil og kjærleik; det einaste som drep mørket. Eg skal dansa vekk sårheita. For eg veit at mykje vart stjåle frå meg i år, av helse og glede, men eg har framleis litt håp igjen. Og det kan ingenting forandra, ikkje eingong eit nytt år. Snarare tvert imot. Akurat no smilar eg meg nok inn i det nye året. For det skal nemlig bli, eit betre nytt år.

Kommentarer

  1. Ja, der e alltid håp Maria! Du er så flott, og eg gler meg til å følge feiringane dine. Stor klem og mange ønsker og bøner om eit godt og velsigna nytt år!

    SvarSlett
  2. Jeg håper av hele mitt hjerte at 2011 blir et bedre år for deg enn 2010 var!

    SvarSlett
  3. Flott! Ønsker deg et godt nyttår! Må det bli mye bedre enn det gamle :)

    SvarSlett
  4. Hærlig Maria:) Ferie med glede og kjole på! Eg joinar deg, kvar enn eg er..joinar deg i eit stort takk til håpet! Du er absolutt nydelig, no som førut:)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg