Eg vil ha denne hylla i livet mitt!

Hemmeleg bokhylle-dør! Eg smeltar! Eg skal ha det i huset mitt. Og bak hylle-døra, der ingen kan sjå, skal det vera rekker og rader av dagbøker som er hemmelige med silkeband omkring. Opp trappa kjem du til ein liten hems med berre puter på heile golvet. I kroken står det ein gitar. Det er det einaste som er der bortsett frå ein leselampe og alle putene, for det skal vera plass til masse bøker der. Bøker som eg kanskje har kjøpt på loppemarknad med gamle notater i margen, som kanskje ein gamal pensjonert bibliotekar har skrive forsiktig med blyant. Der står det kanskje: " Sitèr i brev til Frøken Frantzen, det ville ho like". Eller: " Sei dette til Hanne i konfirmasjonen hennar, dette er nyttig livsvisdom!"

Og alle skal finna fram til sine favorittar i hyllene, for eg skal sortera etter sjanger og forfattar. Innimellom bøkene skal eg stikka inn sjokoladeplater og slikkepinnar, slik at ein alltid har ein overraskelse på lur. Alle som kjem på besøk får ta med seg bøker heim. Men då må dei ta med ei bok tilbake neste gong dei kjem, det treng ikkje vera den same altså, det kan vera ei sliten gamal pocket som var med på ferie då dei var fjorten. Den kan veldig gjerne få bu på hemsen min. Eg gler meg.

Kommentarer

  1. å! då vil eg komme på besøk!!

    SvarSlett
  2. ps inspirerene å lese bloggen din! :)

    SvarSlett
  3. Å så herlig! Sånn vil jeg og ha!

    SvarSlett
  4. @Ane: Hjertleg velkommen;)
    @Rsolhaug: Ja ikkje sant!? det er jo fantastisk!

    SvarSlett
  5. Jeg har hatt lyst på en bokhylledør helt side jeg var i London på en fin gammeldags pub og måtte gå "gjennom" en bokhylle for å finne toalettet.

    Jeg håper du har det bra, og jeg ville bare si ifra at jeg har flytet fra skuggevals til sitrende.net ;)

    SvarSlett
  6. Sånn vil eg òg ha! Rekkjer på rekkjer av bøker!

    Spennande blogg du har! Eg ramla plutseleg innom her!

    -Irenemor

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg