Uforutsett symfoni

Eg vakna i natt og fekk ikkje sove. Så eg tenkte eg skulle ta meg ein kopp med te. Då eg kom ned på kjøkkenet så høyde eg ein lyd. Eg klarte ikkje å skimta kor den kom frå og vart veldig nysgjerrig. Lyden var så skjør og spak, men allikavel så klar og vakker. Eg vandra omkring i huset mens tevatnet kokte. Eg fann ein pjuske-pus som ville inn. Men lyden var ikkje å finna nokon plass. På eit tidspunkt tenkte eg at det var eit englekor som berre fantes inni hovudet mitt. Eller om eg holdt på å bli galen. Då eg skulle hella te-vatnet oppi koppen høyrte eg den igjen! Eg såg meg omkring, og merka at oppvaskemaskina var på (den er veldig stillegåande) Eg sneik meg nermare og nermare, (slik som me gjorde då me jakta på grashopperar då me var små, veit du) redd for at lyden skulle forsvinne når eg fant ut kor den kom frå. Eg la øyra inntil oppvaskemaskina og hørte den mest utrolege og uforutsett vakre lyden! Det minna meg litt om når du gnir fingertuppen over kanten på vinglaset, men den var ikkje heilt lik heller. Meir rytmisk og djupare enn det. Eg stod der heilt paff i pysjen og lurte på korleis i all verda oppvaskemaskina kunne laga så fine tonar! Eg stod der og såg for meg vatnet strauma rundt omkring inni maskina, og bobbla seg inntil alle glasa slik at dei ikkje kunne gjera anna enn å synga slik. Så stoppa den. Og eg drakk opp teen og la meg. Ein symfoni rikare.

Kommentarer

  1. Nydelig skrevet! Og helt sikkert en fin opplevelse:)

    SvarSlett
  2. Oi! Gjett hvem som skal prøve å høre på oppvaskmaskina nå!

    SvarSlett
  3. Neeeiii, nå skrev jeg en lang kommentar også ble den slettet :( Men prøver igjen.

    Du er utrolig flink å skrive!! Elsker at du fanger opp rare og små ting som det er lett å overse, også skriver du så levende om det. Jeg blir helt revet med!

    Og GJERNE lag et opptak av sangen, jeg gleder meg masse til å høre! Og ikke vær redd for om jeg vil like den eller ikke, for det er uansett kjempe spennende å høre hvordan folk har hørt for seg melodien til tekstene mine. Jeg blir uansett kjempeglad for at du har laget melodi :):):):)

    SvarSlett
  4. Ååå, for et fint innlegg! Elsker det!

    SvarSlett
  5. Sun Ultra-reklamen blir aldri den samme igjen

    SvarSlett
  6. haha!ikkje akkurat det eg prøvde meg på, men ok

    SvarSlett
  7. Sv: Tusen takk for mange gode tips! De er gull verdt:)

    SvarSlett
  8. Å, så herlig! Du skriver så fint :) Elsker det når man oppdager sånne små, fine ting i hverdagen. Du får ta opp lyden og legge den til på Soundcloud :P

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg