Endelig er Lost på Spotify!

Det er rart, korleis ein har nokre sangar som ein forbinder med tenåringsåra. Sangane vekker fram følelsar som ein ikkje har kjent på lenge. Eg følar at dette bandet kjennar meg. Og eg følger ivrig med på kva dei gjer ut av ny musikk.

Åh, som eg har venta. Venta på at dette albumet endeleg skulle komma på Spotify! Som ein ivrig Spotifybrukar kjøpar eg yndlingsmusikken min gjennom dei og. Så no kan eg endeleg kjøpa dette albumet. Høyr Lost her!

Carpark North, eg har skive om dei før, men ja det er eit av favorittbanda mine, så dei får litt fleire go`ord. Dette albumet er litt anderledes frå dei to andre. All Things To All People, er definitivt mitt favorittalbum. Det er nok fordi eg har minner frå kvar einaste sang på albumet, og så mange følelsar som er knytta til musikken frå mine tenåringsår. Men det er jo måte på kor monge gonger ein kan høyra eit album utan å bli lei av det! Så no kosar eg meg masse med Lost .Gruppa er meir pop enn rock no om dagen, men det gjer ingenting! Lost har nye sangar, og nokon gamle med ny innpakning. Nokon av sangane er nesten litt banale ved første lytt, men dei veks på ein, det er visst!

Kommentarer

  1. Hei, jeg er litt glad i deg etter den finfine kommentarer! <3
    Ooog.. derfor tenkte jeg å informere om at når jeg ikke kommenterer og det er mer enn null som "likar" er en av dem meg.. :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg