Teikneseriar?

Då eg var yngre, hadde eg ein draum om å bli teikneserie-teiknar. Det varte ikkje så veldig lenge frå eg prøvde å teinka nokre striper, til eg fant ut at det ikkje var noko for meg. Det var liksom ikkje heilt mi greie, for å sei det mildt. Eg fann blandt anna på ein karakter som heitte "Funky Mr. Hatman" , jau.. Han var ikkje store suksessen. Men eg tenkte at det kanskje var litt morosamt å visa fram her på denne bloggen. Blir mykje rart i mimrekategorien, merkar eg.
Funky Mr. Hatman, ein karakter utan sjel og poeng!


Og denne, som ikkje har eit sluttpoeng eingong. Eg tenkte at katten kunne tenke " Eg fekk i det minste napp." Men det blei litt korny..
*trykk for å sjå strørre*

Kommentarer

Populære innlegg