fragile

Ho sprang så fort ho kunne over haugen. Svetten byrja å pipla fram i panna, og ho kunne kjenne den karakteristiske blodsmaken i munnen. Ho sprang, frå alt, frå seg sjølv.

Eit kvitt ljos slo ned i ho, og heile verda gjekk i spinn. Svak musikk kunne høyrast. Musikk frå den dagen ho besøkte symfoniorkesteret for fyrste gong. Musikk frå barndomsheimen. Musikk frå kyrkja den gongen. Heile verda sang til ho. Trea sang og englane tok imot ho. Sjølvom ho var i levande live. Ho kunne kjenne pulsen banka kjempehardt i tinninga.

Ho hadde letta, sprunge for raskt. Gjennom det blendande ljoset kunne ho sjå skuggar av kloden ho kom frå . Alt såg så framand ut herifrå. Ho kunne kjenna snøfnugg landa på armane, men såg dei ikkje. Ho kunne lukte blåbærpai og jordbærsaft, men såg ingenting. Føttene gjorde vondt. Det var det einaste som var verkeleg.

Hadde ho verkeleg klart det, å springa frå heile verda? Og plukka ut akkurat dei augeblikka som var verdt alt. Ho hadde satt alt på pause, og kunne fly gjennom universet. Aleine og saman med alle dei andre som svevde her ute. Det var dei som var englekoret. Koret av stemmar som var for skjøre for denne verda.

Kommentarer

  1. <3<3<3, maria! helt nydelig :)

    SvarSlett
  2. Du skriv bra. Akkurat no sit eg og prøver å plukke ut fine augneblikk. Pause verda litt... Skulle ha gjort det mykje oftare.

    SvarSlett
  3. SV: Utrulig kjekt at du vurderar å ta turen innom bloggen igjen, hehe :-)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg