I may move slowly, but that donesn`t mean I`m going nowhere. - Norah Jones


Det kjennes litt ut som om eg er på veg mot ingenting. At ingenting skjer, at eg ikkje gjer noko spesiellt. Akkurat som om du stirrar på klokka, og den ser ut til å stå bom stille.

Då eg var lita, sat eg og såg på klokka som hang i stua, kjempelenge (i følge eit born si tidsrekning) Eg skjønte ikkje korleis den plutseleg kunne ha gått ein halvtime, når den ikkje såg ut til å gå nokon stad kvar gong eg såg på den. Etter ei stund spurte eg mamma, korleis den mystiske klokka virka. Eg kan så vidt huska kva ho svarte:

"Klokka den går eit sekund om gongen, og det er så lite at me ikkje kan sjå det på minuttvisaren. Men når sekundvisaren har gått ein runde, så går minuttvisaren eit minutt fram. Men tida går fortare når me ikkje stirrar på klokka."


Eg såg føre meg at kvar gong eg snudde ryggen til klokka, så skyndta den seg med å gå ti minutt. Følte at det var litt for stort for meg å forstå. Tida.

Eg beverger meg veldig seint. Nokre gonger blir eg sjølv frustrert over det. Menneska rundt meg blir og frustrerte, for me vil jo at ting skal bli bra fort. Men om eg ikkje får gå kvart einaste vesle sekund, så klarar eg ikkje å koma meg til minuttet, timen, eller dagen.

Kommentarer

  1. Nydelig skrevet. Du får ting ned på papiret, rett og slett! Ta all tiden du trenger, ta alle stegene du trenger for å komme bortover og oppover. Jeg heier på deg <3

    SvarSlett
  2. Det var fint, Maria, og husk at det tar like lang tid å bli frisk som det tok å bli syk. Dessuten er det mye viktigere at du blir frisk på ordentlig enn at det går fort. Jeg vil mye heller se deg oppriktig frisk om en stund enn å se falske smil og fasader. Det du gjør er riktig, selv om det kanskje er vanskelig. Stå på, Maria. Du er fantastisk i mitt hode, iallefall. :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg