Retningar.

Motivasjon er ikkje alltid lett, når ein har ein sjukdom som gjer at eg ikkje har lyst til nokon ting. Det er som å eta sjokolade, berre fordi du veit at du likte det før. Ikkje fordi du har lyst på det. Og du tenker at det ikkje kan skada å fortsetta med det som du likte før.
Eg står foran eit hav av moglegheitar, dei same som før eg vart sjuk. Utdanning, jobb, mål og draumar. Før, då eg ikkje tenkte over det ein gong, kva som motiverte meg til å ta dei viktige vala i livet. Eg berre gjorde det, av vane, karakter og personlegheit. Eg tenkar på det no, no som alt det ikkje er så tydeleg for meg som det var då.


At lidenskap for det eg trur på, interessa for kunsten, kjærleik til menneske har hjulpe meg til å velga kva eg skal bruka tida mi på. 


Motivert meg til kva eg skal gjera med livet mitt. Men når kjenslene av at ting er viktig, lidenskap, interesse og kjærleik ikkje er så tydeleg som det var. Faktisk nesten forsvunne nokre gonger. Så sit eg her då og tenker: Korleis skal eg gjera nokon ting som helst når eg ikkje har lyst ein gong? Det er vanskeleg å ta val, berre på grunnlag av kva eg veit at eg eigentleg likar. Det er vanskeleg å spise sjokolade, berre fordi eg trur eg likte det ein gong..(det er berre eit eksempel, sjokolade er framleis det beste eg veit altså:D)


Akkurat no, er det nok for meg å få nok søvn, mat og å gå ein tur kvar dag. Og eg må berre gjera det, fordi eg veit at inni meg ein plass sit Friske-Maria og seier: "Jo takk for at du åt sjokolade!Det er det beste eg veit!" Kanskje Friske-Maria kjem meir og meir fram, dess meir eg matar ho med ting som eg veit ho likar? Eg trur det.

Som ei vis dame sa til meg ein gong: 
Du kan sittja å grubla over kva som er meininga med livet, heile livet! Men alle må me leva.

Kva motiverer deg til å ta dei store vala?

Kommentarer

  1. dette va et godt skrevet innlegg med et bra innhold! Eg har stor tro på deg og at du komme t å klara å kjempa deg gjennom denne sykdommen! eg vett ikkje ka som motivere meg t å ta de store valgå.. kanskje ein sterk "Lystfølelse", at eg som regel velge det eg blir mest gla av å tenka på, de tingå eg kjenne at eg krible over av bare å tenka på.. då tenke eg at d e rett å jørr, tror eg.. du spør i grunnen vanskeligt!

    SvarSlett
  2. Du er hærlig ærlig og inspirerande! Kjenner meg igjen i å av og til ikkje ha lyst til noko, sjølv om eg veit at eg eigentleg vil det. Fint å kunne vente på motivasjon og livslyst da..Eller la den kome når den vil mens ein lever på viljen laust?hehe, I don't know:)trur eg må sove på den her altså;) Meistring inspirierar meg btw. Samt sjå at andre blir sæle og glade av di eg finns, eller av noko eg gjer:)je!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg