Sterke scener.

Det er lenge sida eg har skrive om bøker. Eg har lese alle HarryPotter-bøkene. Og har villa bu inni hjernen til Ms Rowling ei god stund. Men no tenkte eg det var på tide med litt meir kjøtt på beina, for denne boka var ei av dei beste eg har lese. Heilt sant.

Om du skal lese ei bok i år så må det nesten vera denne. Morgen i Jenin er ein historie om ein konflikt som alle har eit forhold til. Ei historie som skjer parallelt med det me har lese i historiebøkene på barneskulen, sett på nyheitene og lest om i avisa. Alle verdensborgerar burde lesa denne historia, for å setja eit anna namn på "midt-austen konflikta". For å åpna hjarta litt til desse menneska som me berre har sett på nyhetene og lest om i avisa. Dei er ekte, som meg og deg.

Kort oppsummert handlar boka om ein familie som blir røska vekk frå røttene sine, og må leva som flyktningar i skuggen av "det lova landet". Det handlar om menneske som har mista alt, og som allikevel overlever. Det er ei vakker og vond historie, med monge sterke scenar og hjarteskjerande hendelsar.

Eg har gått og utsatt å lesa Morgen i Jenin i snart eit halvt år no. Fordi eg er litt følsom på sterke scenar for tida. (Har ein tendens til å motvilleg absorbera vonde følelsar frå TV/bøker/inntrykk inn i meg, og då er dei litt vanskelege å få vekk) Men no tok eg mot til meg, og las den ut på eit døgn. Eg klarte ikkje å sleppa taket i sidene. Eg holdt pusten utallige gonger. Og hjerta mitt brast gong på gong i all smerten som historia tar med seg. Men allikevel så er eg så utruleg glad for at eg kvinna meg opp til å lesa den. Morgen i Jenin er ei utroleg viktig historie. Personifisering av det urettferdige som me veit skjer i verda er så utroleg mykje meir kraftfult en noko anna virkemiddel. Les den, berre les den.

Kommentarer

  1. Den er så bra! Den burde være obligatorisk lesestoff for alle. Hjertet mitt knuste også gang på gang, og det er helt forferdelig å tenke på at historien godt kunne vært sann. Vi er virkelig heldige og isolerte her oppe i nord..

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg