Backstage

Blogger, google sin bloggplattform har fornya seg! Endeleg! Kor monge år har eg blogga her? ..Er på fjerde året. Frå fyrste tast var eg bestemt på at eg skulle ha blogger. (blogg.no hadde ikkje blitt fødd eingong, hehe) Men wordpress var heller ikkje eit alternativ for meg. I alle desse åra har eg vore veldig fornøgd med innhaldet backstage i blogger-verda. Ein finn lett fram til saker og ting, design, statistikk, kommentarar, andre bloggar. Alt ein treng er liksom der. Like lett som google pleiar å vera.
Men det som skar seg i mitt estetiske hjarta var kor grusom bloggplattforma såg ut backstage. Blått kvitt og oranjse var fargane. Skrifta og oppsettet var berre... stygt! Men på tross av dette så var eg veldig nøgd med innhaldet på denne stygge bloggplattforma. Her har eg lært meg html-koding og mykje anna rart om kva som bygger opp ein blogg.

I dag då eg logga meg inn såg eg det eg har venta på i fire år! Eit oppdatert design! Hurra!Eg treng litt tilvenning, for alle greiene er ikkje på dei gamle plassane sine. Men kor herleg er det ikkje å sjå ei fin, stilrein og kvit side, istandenfor blå-grå-oranje-designvirrvarr!

 FØR:

NO:

Q:Er du opptatt av korleis bloggen din ser ut backstage?

Kommentarer

Populære innlegg