Idyll vs virkelighet

Eg har feira jul på "hytta", gleda meg til koselege dagar med familie, god mat og den finaste plassen på jord. Men kjente fort at noko ikkje var som det skulle vera. Eg som er den mest varmblodige eg kjennar sat og frøys heile vesle juleaften og vakna opp julafta med dundrande hovudverk, vondt i halsen og øyrene. Feber feber og atter feber. Feberskjelvingar, feberfantasiar, you name it - I had it. Legevakta og senga istaden for kortspel og kaker med resten av familien. Eg var så lei meg for å gå glipp av jula, og kjente igjen følelsen frå då eg var liten;  at å bli sjuk på jul var det verste i verda.

Men. No er eg jo ikkje eit born lengre. Eg veit at jul er det me gjer det til, og at nissen ikkje finnes. Eg veit at ein halsinfeksjon ikkje kjem til å ta livet av meg. Eg ser ikkje berre min eigen nase, slik eg gjorde då eg var lita. Eg ser litt lengre, forhåpentlegvis. Ser at det er monge fleire her i verda, og tilogmed her i landet som har det værre. Ja, når det er jul. Dei er kanskje einsamme, eller sjukare en sjukast. Kanskje dei ikkje hugsar nokon ting lengre eller saknar nokon dei har elska.

Eg sit her og klør (for ja eg var visst alergisk mot pencillin òg) men har det greit, eg har heile tida vore omringa av mennesker som er glad i meg, eg har fått flotte julegåvar, knipsa nokre koselege bilete og den maten eg har fått i meg har vore tilberedt med kjærleik. Jula kjem uansett kva som skjer. Den berre peisar på. Eg må vera forsiktig så eg ikkje blir misfornøgd berre noko ikkje går etter planen. Berre tenk kor mykje vondare ein halsinfeksjon hadde vore heilt aleina.

Kommentarer

  1. Å så uheldig å bli syk i jula da. Kjedelig. Men, du gjør jo det beste ut av det da :) Håper resten av romjula blir fin! :)

    SvarSlett
  2. Så kjedelig med sykdom, men bra at du tenker positivt! God bedring og fortsatt fin romjul! : )

    SvarSlett
  3. Oh no! Being sick doubly awful if it hits on a holiday. Glad you have your loved ones for support. Hope you're feeling better!

    SvarSlett
  4. stakkars lille vennen min! eg håpe du blir friske fort fort fort!! Og eg syns du e goe så klare å setta ting i perspektiv, og se at ting konne vert verre sjøl om du har d drit! eg glede meg t å klemma deg masse!!

    SvarSlett
  5. Kloke ord, Maria! Og god god bedring (:

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg