What if I could sing just one song, and it might save somebody's life

Skjønne Sigrid spurte meg kva eg fekk til jul av mamma og pappa. Eg hadde jo eigentleg tenkt å laga eit innlegg om det, så her kjem det, Sigrid:)


Lydkort(det er dingsen med knottar på), headset, ledning og studiomikrofon: Eg ønska meg ein av dei tinga. Fekk alt og eit redigeringsprogram som fulgte med lydkortet. På julafta sat eg med kjeven i golvet. Måpa!

Du ser det.. Eg held på å laga meg eit lite heimestudio, det er kjekt og skummelt og spanande og fantastisk på ein gong. Så fekk eg så mange av puslespelbitane på ein gong og var rørt av at dei har så stor tru på meg, når eg nesten ikkje har det sjølv. Og takksam for at dei har gått i butikken med lister over ting som dei ikkje veit korleis dei skal uttale og funne fram til dei aller beste merkene og dei dingsane som passar akkurat for meg. Takk frå hjarta. Takk.

Eg draumar jo om å laga musikk om natta, og draumar jo om å laga musikk om dagen. Og når kroppen seier nei, og ikkje orkar nokon ting. Då grin eg fordi eg ikkje kan vera saman med musikken. Det høyres kanskje rart ut. Men det er nå slik at ein lidenskap både kan gje deg påfyll og eta deg opp. Når det eg har aller mest lyst til å gjera, kostar meg så mykje å få gjort.

Det kostar litt mindre når eg har fått godt utstyr. Litt.

(Eg hadde eigentleg tenk å posta ein liten smakebit med dette innlegget, det er derfor eg har venta så lenge. Men eg har ikkje hatt noko ekstra energi til å spela det inn. Og eg held fortsatt på å lærar meg redigeringsprogrammet. Så.. vent på det, det kjem altså!)

Kommentarer

  1. åh! Så fantastisk! :D Nå ble jeg suuuperglad på dine vegne! ....og jeg gleder meg til å høre (jeg har jo hørt noe du har laget før, og jeg har også tro på deg. Du er kjempeflink!) uansett hvor lang tid det måtte ta :)

    SvarSlett
    Svar
    1. :) det va gode ord! takk takk søte!

      Slett
  2. Haha, "anonym" er nevnt i innlegget ;)

    SvarSlett
  3. Så spennende! Jeg synes det er så flott og fascinerende med alle som klarer å skape musikk - beundringsverdig! Gleder meg til å høre. ^^

    SvarSlett
  4. eg glede meg t å hørra ein smakebit!

    SvarSlett
  5. For en helt vidunderlig julegave!! :) Men Maria, jeg forstår kjempegodt at foreldrene dine har så stor tro på deg. Du har virkelig en lidenskap for musikk, og den skinner gjennom på låtene dine. Du lager musikk som griper sjela til lytterne. Iallefall min.
    :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg