Foo Fighters

Eg har eit kjærleiksforhald til Foo Fighters. Ecchoes, Silence, patience and grace er favorittcden min. Eg kjøpte den fordi eg ikkje fann nokon plass å høyra The pretender, og eg var lei av å prøva å lasta ned musikk. noko eg aldri har vore så spesiellt god på å tvinga meg til å tenka at er greit. Det endte opp med at eg falt pladask for heile Cden. Etter det så har eg elska alt dei gjer. Eg var glad i dei frå før av, men då gjekk det frå eit band eg likar, til å bli eit av mine favorittband. Eg kan godt dansa til Come Alive i bryllypet mitt liksom. (det ligg jo så altfor langt framme i framida, men sånn uansett) Heilt klart.

I dag sat eg meg ned og ville spela ein sang av heltane mine, valget falt på Stranger Things Have Happened. Eg håpar berre at eg ikkje ødelegger den, men at eg klarar å gjera den min. For den står hjarta mitt så nær.

Ang min eigen musikk, så held eg på med eit lite prosjekt som dykk skal få bli med på etterkvart, men det tek litt tid då. Hold ut!

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg