Keep on blogging!

Torbjørn la ut eit litt fortvila innlegg på bloggen sin i dag. Der han lurte litt på kva som skulle til for å halda blogglysta oppe.

Eg skreiv ein kommentar til han, og idet eg gjorde det, tenkte eg at eg kanskje sko dela litt av mine tips, etter 4-5 år i gamet;)

Mine beste tips:

1: Ikkje blogg viss du ikkje vil! Viss du ikkje har dagen, ikkje har lyst til å blogga. Ikkje gjer det! Det er ingenting som er verre enn innlegg som startar med "eg har eigentleg ingenting å skriva om, men..."
Det er ikkje kjekt å lesa noko som du ikkje har hatt lyst til å skriva eingong!

2: Ikkje sei unnskyld for at du ikkje har blogga! Det er din bogg, ditt liv, di tid til disposisjon. Viss du velgar å blogga, skal det vera fordi du sjølv har valgt det, ikkje fordi du føler at du må. Det er heilt greit at du ikkje bloggar, ta deg ein pause. Og ikkje tenk på å sei unnskyld for det. Viss du er på jobb, og tar pausen din, seier du "unnskyld for at eg var på pause" etterpå?

3: Kvalitet over kvantitet. Eg set pris på at ein blogg blir oppdatert. Men ikkje i hytt og pine, utan noko dybde i innlegga. Det kjem ofte av at ein trossar pnkt 1 og 2. Ein bloggar sjølv om ein ikkje vil. Og ein følar at ein må. Slikt blir det ikkje gode innlegg av. Ta deg heller litt tid til å planlegga eit godt innlegg i veka, enn å blogga kvar dag utan noko godt innhald..

4: Sett deg mål! No har me tatt føre oss det du ikkje treng å gjera viss du skal blogga. Men viss du først har tenkt å blogga. Du har lyst og tid og synes det er kjekt, men det berre går ikkje slik du har tenkt. Då anbefalar eg at du set nokre mål for degsjølv. eg har opp i gjennom åra satt meg monge forskjellige mål for bloggen.
T.d,
 å blogga eit innlegg kvar dag i ein mnd,
 å oppnå x-antal sidevisningar på ei veke,
 å starta med eit nytt emne (kreativt antrekk td.) og opprettholda kategorien med faste innlegg i månaden,
å få nye leserar eller få ekstra publisitet omkring spesielle innlegg.

Alle desse måla krevar at ein jobbar på forskjellige måtar. Men det dei har til felles er at dei gir ein følelse av mestring om du klarar det, og mestring gir igjen motivasjon til å setta seg nye mål. Du blir og kjent med korleis ein jobbar med ein blogg, kva ein likar å skriva om og kva som gir deg mest inspirasjon til å fortsetta. Nokre ting fungerar ikkje slik ein hadde tenkt seg, men då gjeld det å ta lærdom å prøva noko anna!



5: Nettverk! Eg seier ikkje at det er eit must å få masse respons på innlegga sine, eg hadde nok blogga sjølv om eg ikkje fekk kommentarar, kanskje på ein annan måte, men fortsatt blogga. Eg likar å uttrykka meg, og eg likar at folk reagerar på det! Det er ingenting som motiverer meg meir en å få respons frå dykk! Det er koselig å kunna ha nokon faste som stikk innom og legg ifra seg nokre ord, det skapar bånd, refleksjon og kansje debatt omkring det me tenkar på og skriv om, begge veiar. Eit bloggnettverk tek tid å bygga, og det tek tid å finna andre på internett med same sjanger! Alle er jo forskjellige, men det finnes som regel eit publikum for ein kvar blogg. Ein må berre finna det! Internett er heilt unikt på den måten, ein får lagt "verket" sitt ut med ein gong. For at verda skal overta tankeprossessen. Det likar eg! Eit innlegg er ikkje ferdig når det blir publisert, for kommentarane og tankane som kjem etterpå er og ein del av det!

6: Inspirasjon. Vidare frå nettverk må ein jo ha noko som inspirerar. Om det er andre mennesker, ein hobby eller noko heilt anna så kjem det gode innlegg frå eit sinn som stadig får påfyll. Samma kva bloggen din handlar om, eller kva du skriv om, sørg for at du holder deg inspirert og i stadig læring i emnet. Slik kan du komma med nye ting på bloggen og gje inspirasjonen vidare til dei som les!

7: When it hits you! Viss du har fått ein ide, blitt inspirert eller bare er i det kreative hjørnet. Skriv det ned. Ikkje la inspirasjonen gå deg forbi!

BEST OF LUCK :)

 
I recently gave some advice for blogging-motivation to a friend of mine. Here are my top 7 tips on how to stay motivated for blogging!
1: Don`t blog if you don`t want to. Just blog when you feel like it! I don`t want to read something you don`t even want to write!
2:Never apologize for not blogging. Your blog, your time, your life. Never feel guilty for not blogging. Who blog is it? Yours..
3:Quality beats quantity! I`d rather use some time every day to plan one post for a week, than post something mindless every day in a week. Choose the content of your post wisely .
4:Give yourself goals to achieve! I usually set different goals for myself, to find out what works best for me. Some of the goals I`ve set for my blog: post something every day for a month, get a specific number of readers, have a topic in focus over some time, or get some kind of media exposure on a specific post!
5:Networking. Use time to explore your audience, the internet is unique in its way of including the readers in your post. I don't consider my posts done until I get it out there, and let peoples thoughts and comments supplement my post. Appreciate your network, help people out, link and love. You know;) 
6: Keep yourself inspired. Read, travel do whatever to fill up on the things you love to write about, give something new into your blog. And share you inspo! 
7: When it hits you! When you're feeling inspired, getting ideas or just have thoughts on a subject; write it down, sleep on it. Don't let good ideas pass you by!

Kommentarer

  1. Å, er så enig i tipsene dine! Enig, men det er ikke alltid jeg husker dem selv nei.. ;) Veldig sant det du skriver i nr 2, det verste jeg vet er folk som skriver unnskyld for at de ikke har blogga på en stund. Om du vil unnskylde på et vis så skriv heller et spennende innlegg om alt som har skjedd (evt ikke skjedd) siden sist, så får leserne vite indirekte at du kanskje gjerne skulle blogga men ikke har hatt tid eller lyst. Bloggen er jo DIN, og det er DU som bestemmer :D
    Yes, God helg!!

    SvarSlett
    Svar
    1. hihi! glad du likte det! :D

      Slett
  2. AMEN. HURRA. WHIIII og sånt; super post, Maria!!!!

    SvarSlett
  3. Hey, dette innlegget likte eg Maria!! Du e så reflekterte, å det lyse sånn gjennom!

    SvarSlett
    Svar
    1. Åh, takk Therese! Du e go du!

      Slett
  4. Sitat:
    "Ikkje sei unnskyld for at du ikkje har blogga!"

    Hmm....
    OK, ka med: "Dette e MIN blogg! Det e Æ som bestemme NÅR æ vil skriv. Det e Æ som bestemme KA æ vil skriv! Det e forresten Æ som har skrivetilgang til den, itj du!"

    :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg