"Eg har ikkje tid" : ei tankerekke frå mitt eige liv.

Eg har ikkje tid.
Dette er ei syltynn frase, som eg så altfor mange gonger tenker sjølv. Det det betyr er at ein ikkje har valgt å bruka tida si på dette. Eg er såpassa realistisk av meg at eg trur at det meste som skjer i liva våre er basert på valga me tar. Veldig, veldig lite er basert på tilfeldighetar. Noko av det som provoserar meg aller mest her i verda er når folk seier ting som "Det som skjer det skjer" Eller " Det er ei meining med alt skal du sjå". Den største løgna me kan fortela oss sjølve er at me ikkje kontrollerar innhaldet i liva våre. Ved å sei eg har ikkje tid, avvæpnar me oss sjølv. Og sit igjen med ein hjelpeslaus følelse av at me ikkje har makt over eigne liv.

Det er greit å seie, eg har det travelt, eg er sliten, eg har ikkje prioritert rett, istadenfor. Då legg ein vekt på kva som skjer istadenfor at tida har forsvunne helt av seg sjølv...

At tida ikkje strekk til! Kan andre ha eit betre liv en meg fordi dei har meir tid enn meg?  Kva gjer dei då? Lev dei i ein anna dimensjon kanskje? Der døgnet har 50 timar istaden for 24? Vel.. Venlegst lag eit hol i dimensjonsveggen og før meg til den dimensjonen der dei som får alt gjort held til!
Du har ikkje tid, seier du? Vel du har akkurat den same tida som meg. 24 timar kvar dag for å vera eksakt.

Slik er mine dagar for det meste inndelt:
 
Totalt pr døgn:24 t
Søvn: 8 t (la oss sei at det er likt for alle;) 
Jobb/skole: 7,5 t
reising, til/frå: ca 30min
til overs:8 timar 

Ein følar seg kanskje motlaus av å sjå dagane sine delt opp så matematisk, og ein tenkar kanskje kvar er fridomen min? Og når skal eg få tid til alt?
Gjer det som ligg nært hjarta, det som gjer deg energi og nye krefter. Gjer det som du må, men og det som du brenn for. Gjer litt kvar dag for framtida, men aller mest for nuet, for at du skal kunna senka skuldrene og tenka tida mi strekk til. Livet mitt strekk til, eg er god nok.

Og om du har noko på agendaen som du lengtar etter å få gjort, men aldri heilt får tid til. Kvar skal du då henta tida til å få gjort det?

Mitt svar til bilete her: Eg trur me har all tida me treng til å gjera det me ønskar. Det me ofte mangler er: Motivasjon, guts eller Helse til å gjera det.

Eg tenkar slik:
Viss eg ikkje får gjort noko, er det ein grunn til det. Enten manglar eg motivasjon, guts eller helse til å gjera det.

1.Viss eg manglar motivasjon, må eg tenka over om eg faktisk vil dette. Viss ja, kva må til for å bli motivert? Ofte treng eg press på meg til å bli motivert, eller støtte frå nokon andre. Oppsøk motivasjon og inspirasjon til å fullføre det du ønsker å gjera!

2.Viss eg manglar guts! Så må eg faktisk berre gjere det! Då handlar det om at noko er skummelt og litt vanskeleg. Ta små steg for å komme nermare og nermare, til slutt er det ikkje så vanskeleg allikevel! Eg må jobba med utfordingane mine, enten om det er flyskrekk, søke på ein jobb eller berre å gå på eit trenignsstudio.

3. Viss det er helsa som held meg frå å gjera noko, så må eg jo jobba med helsa mi. Gå til lege, få den behandlinga som trengs. Legga om kostholdet, gjera det nødvendiga for å ta vare på seg sjølv. Tenk at ein invisterar i framtida si, og at ein jobbar mot målet sitt: Å bli frisk og å gjera det ein har lyst til.

Så ikkje la desse 24 timane råda over deg, det er meininga at du skal råda over dei. Sidan du skal leva. Det er eit verb, altså noko ein gjer. Ikkje noko som skjer når det skjer.

Slike tankar er på ein måte ein oppsummering av faser eg har måtta gå gjennom sjølv. Akkurat no går eg gjennom ein del ting i livet mitt, så å skriva ting ut slik som dette hjelp meg. Og forhåpentligvis kanskje nokon som les det og..

Basically, just thoughts on time-philosophy. We say we don't have time, why do we say that so easily? We have the time we have, and we have time to do everything we want to. We just need to get our priorities in order! And rule our hours, not the other way around! Do things for your future, for your present and for well being. Let yourself have time to be happy about your priorities , not to feel bad about the things you don't have time to do. I think its important to say: I have enough time, I am enough. Things are well. If they are not, some things have to change, right?

Where to make changes? If we don`t find time for something we wish to do. Its probably because we lack motivation, guts or health to do it.

1: Motivation. Do I really want this? If yes, how can I find motivation?
Myself I find it in setting small goals within my big goals, support from others and a little bit preassure.

2:Guts. When I lack guts its probably cause I`m a tad scared of something. Then I need to just go do it! Start small, and work my way up to the challenge! I need to find that raw willpower in me and just go for it.

3: Health. If my health is keeping me from my goal, I need to change how I live. See the doctor, get help. Start a new lifestyle. It helps to think big, about the future. To see every little step to a better health as a step to the things I want to be able to do in my life!

Most of these thoughts are based on things I`ve gone trough myself. Or things I`m going though right now! Its good to write it out, and I hope it might help someone out there too!

Kommentarer

  1. JA, du har så rett! - Alt handler om hvordan du spiller kortene du er gitt.
    Det var faktisk en veldig god vekker, har sittet og tenkt på at tiden løper i fra meg, at jeg ikke strekker til alt, men når alt kommer til alt er det jeg som snubler i mine egen ben.
    Du er ikke så dum du, Maria :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at du fekk noko utav det! Om ein berre klarar å ta litt tak i slikt, vil ein føle seg mykje betre etterkvart.. lykke til:)

      Slett
  2. Maria, DETTE inspirerer. Jeg vet ikke helt hva jeg skal si, men jeg liker det. Og det vekket på en måte noen tanker og følelser.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var godt å høyre Siv, det var jo meininga!

      Slett
  3. Noen som nettopp har provosert dæ, igjen, eller noe?

    SvarSlett
    Svar
    1. nja, telle megsjøl? Eg provosere meg heile veien

      Slett
  4. D e så sant, så sant! eg mangle mest motivasjon tror eg. d e så alt for lett å setta seg ner og bare bli sittande!

    SvarSlett
  5. Veldig enig i ordene dine! Har innsett i det sista at av og te må ein se på ting som ein investering, at sjøl om ikkje du får tid te det du ønske akkurat nå så e det någe å se fram mot - så bler det te någe som holde deg oppe istede for å trekka ner :) if this makes sense..

    SvarSlett
    Svar
    1. IT makes all the sense in the world darling:*

      Slett
  6. Signerer! Du har så utrolig rett i det du skriver, og det var egentlig litt godt (vondt) å lese det. Har ofte tenkt "Ha'kke tid" i det siste, men altså, jeg MÅ jo ikke se Home & Away, jeg kan jo bare prioritere annerledes.. :) Takk for en fin wakeupcall <3

    SvarSlett
    Svar
    1. berre hyggelig! Eg teng det jo sjølv så det er fint å dra med seg nokon andre og. Når ein føst driv med wakeupcalling;)

      Slett
  7. This is inspiring since I'm incredibly guilty of constantly telling myself I don't have time for the things I really want. Definitely trying to show more guts!

    SvarSlett
    Svar
    1. That is so good! Guts its kinda hard to find, but it is in there somewhere!

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg