Eg hugsar deg

Dette skreiv eg i Oslo for to og eit halvt år sidan, 
eg har ikkje klart å publisera det før no:

"Når ein har sett heile siste sesong med Heroes, lest tri bøker på ein gong, skrive eventyr om prinsesser og tårer, høyrt på all musikken i heile verda, sove i eit halvt døgn på ein gong, spist knekkebrød til middag, bitt negler, blitt solbrendt på lippa, spist kjempesterk tikka og fått tårer i augene og nasen av han, drukke fleire liter med grønn te med honning og gløymt sykkelen sin på oslo s (det gjekk bra) Gått med supermann t-skjorte og balansert i søvne. Sprunge til Kiwi fem minutter på eleve, hatt hikka. Vore kald og varm på ein gong. Då veit ein ikkje heilt kva som er igjen å gjere..Eg veit ikkje vertfall. Så då høyrer eg på girl in oslo og danser litt mens eg drikk litt meir grøn te. Kva anna kan ein?"


Dette skreiv eg for eit år sidan:

"Eg var så sjuk at eg ikkje visste korleis eg skulle fungera. Berre gjorde masse ting som fekk tida til å gå frå meg. Eg klarte ikkje å tenka, måtte berre gjera noko anna. Ikkje tenka. Gjera gjera gjera. Berre ikkje tenka. Og då eg slutta å gjera, og byrja å tenka. Då knuste alt.

No er eg betre. Men ikkje frisk. Eg kjennar det kvar dag. Medisinen eg tar gjer at eg klarar å fungera, gå på jobb, eta og smila. Men eg klarar fortsatt ikkje å tenka og føla heilt på ordentleg. Det meste er ikkje heilt på ordentleg når ein brukar antideprisiva. Men det er det det kostar å fungera, tenkar eg."

swans Dette skreiv eg idag: 

Sist gong eg flytta, flytta eg heim frå Oslo. Heim til mamma og pappa og bror. Heim frå tankar som ikkje ville roa seg, og kjensler som ikkje fann noko fred. Det hjalp ikkje å kome heim eigentleg. Men eg var ikkje aleine. Eg var saman med folk som ville grina for meg, kjempa for meg, halda fast i livet for meg. Eg var heime.

Eg har vore heime sidan den gong. Det har vore både godt og vondt. 

Men no skal eg flytta igjen.

Til ei lita hule. Som berre eg skal bu i. Mitt kjøkken og mi stove. Det blir sikkert både godt og vondt der og kan eg tenke meg. Men veit du..Tankane mine har roa seg, og kjenslene mine har som oftast fred. Mørke tankar kjem på besøk, men dei flyttar ikkje inn i meg. Eg klarar det no. Å vera aleine.

Eg gler meg til å pynta i hula mi.

Det er på ordentlig. Og det er godt.





Kommentarer

  1. <3 <3 Glede meg te å se koss du har det :-)

    SvarSlett
  2. eg blir glad langt inni sjelå mi av å lesa framgangen! <3 love u!

    SvarSlett
  3. Du skrive så fint Maria, du skrive så ærlig.
    Du røre meg med ordå dine.
    Eg e så gla for deg og for at det går sånn framøve!

    SvarSlett
  4. Jeg er stolt over deg, Maria! Du er så flink og sterk og bra og alle andre gode ord.

    SvarSlett
  5. Maria, min tøffeflinkeflotte piiiiiike! Jeg digger deg - hjerte fra meg! <3 Og hurra! For at du klarer det :D

    SvarSlett
  6. Fint du skriver og så flink du er! <3 Det blir sikkert bra og godt at ting går fremover. Jeg kjenner meg utrolig godt igjen i alt, på andre ting i livet mitt. Og tuusen millioner takk for fine kommentaren!! :D

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg