Sommar samandrag

Plutselig var sommarferien over. Den som kjentes ut som ein evigheit med late dagar og besøk hos vener. Ein evigheit med sommarkjolar, solbriller og besteforeldre på kaffi. Lyse kveldar med sang på brygga. Regn som gjer at me må springa inn og drikka litt wisky for å få varmen i kroppen. Sytten grader i sjøen, som eigentleg er litt for kaldt. Ungane badar uansett, til dei blir blå på smilande lepper. Ein skjeggete fyr som ville vera kjærasten min. Is- is- is, berre fordi det er sommarferie. Joggeturar med mamma som endar i grøfta for å plukka markjordbær istadenfor. Ein pus som vekkar meg med ein liten dytt frå nasen sin. Musikk, evig musikk som strømmar ut frå headsett. Veit du? Denne sommaren har vorte den beste eg har hatt på monge år. Det skjedde ingenting ekstraordinært, ingen store omveltningar eller ståhei. Eg har hatt ein sommar utan dei tunge og mørke skyene i tankane. For første gong på lenge kunne eg senka skuldrene og ta inn ein evigheit med sommar.

meg og kitty

Kommentarer

  1. And you deserve it!!! Fiiine du!! Får vi høre mer om skjeggemannen? ;)

    Her har jeg ikke hatt en sånn sommer. Jeg har bare hatt "fri" med tåke og regn. Det blir ikke helt det samme.

    SvarSlett
  2. Hyggelig at du hadde en fin sommer ;)

    SvarSlett
  3. takk for at du brukte 1 uke av ferien din på meg!!! digger deg! jaaaaaa. glede meg te å besøke deg i leiligheten din! smasksmask

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg