Nesten-storheit langt under hjarta

Peptalk til megsjølv og til deg som les dette: 

Greatness klarar eg ikkje heilt å oversettje til norsk. Det lyd så flott på Engelsk, og det vil eg ikkje øydelegge. Det er eit ordtak eg likar særs godt:

Destined for greatness. 

Ikkje trur eg på sjebnen, eg trur me må skapa den, jobba den, svetta den fram. Men dette ordtaket handlar ikkje så mye om sjebnen, destined betyr ikkje sjebne så mykje som det betyr iboande storleik som finnes ein stad. Eg likar å tru at det er det som ligg inni kvar enkelt person av talent, kraft og styrke. Det som kan bli heilt fantastisk om ein skrapar det fram frå djupet og ut i verda. 

Eg har så store draumar, at eg trur eg sprekker om eg berre skal holde dei inni meg. Dei må få kome ut og lufte seg litt. 

Eg trur alle har ei oppskrift på Greatness inni seg. Dei må berre finne rett kombinasjon av motivasjon, støttespelerar, kunnskap og sjølvrealisering. Og det som er fantastisk er at alle sine draumar er så forskjellige og viktige. DIN draum er viktig, fordi den er din, og fordi den antageligvis har blitt født inni deg gjennom mykkje strev, tårer, gleder, lykke og litt euphori.


Det gjekk opp for meg her om dagen at alle faktisk ikkje draumer om å bli rockestjerner. Nokon vil bli lærerar, sjukepleierar, økonomar, ingeniørar, legar osv. Og det er the greatness som bur inni dei. Det gjer meg eit kick å tenkje på, fordi viss alle berre gjer det som gjer dei lykkelige, så vil det fostre opp meir lykke omkring oss.

Nesten-storleik= Almost-greatness. Det er det stadiet i prossessen der du innser at det kjem til å kreve ganske mykje å kome fram dit du ønskjer. Men du ser at målet samtidig er innanfor rekkevidde. 

OK. Nok filosofi. Get real: Greatness er og himla mykje jobb, pugg, pes, svette, tårer, blog og sukk. For alt kjem ikkje servert på fat til oss. Er det verdt jobben? ja. 

Eye on the prize baby. Eye on the prize. 

Kommentarer

Populære innlegg