Kvinne, kjenn din plass?

Eg er ein feminist. 
Eg kan kjenna det inni kroppen til tider.
Eg blir kvalm og uvel når menn som Tor Endresen, frå Tv2 sitt program Det Sterkeste Kjønn, allerede i første episode, vil lura og manipulera damene til å halda seg på kjøkkenet. 

Eg, som fredelig, holdt på å sovna på sofaen, lot vignetten rulla vidare, sjølvom dei flåsete animerte stereotypane strutta over skjermen, og eg kjente at dette var ikkje den underhaldninga eg hadde ønska meg, fortsatte eg å sjå. Det var noko i meg som håpa på at det skulle vera eit nyansert og likestilt program som kunne vera foreneleg med eit likestilt og nøytralt kvinne og manne-syn som eg faktisk reknar med at dei flese oppegåande menneske idag har. 

Men nei, eg vart skuffa. At allereie i første episode slo nokon av seg klisjeen at damene skal halde seg på kjøkkenet. Skuffa. Ikkje nødventigvis over TV2 sin produksjon, men om deltakarar som får seg til å seie slikt. 

Vel det er vel ikkje til å gøyme vekk at dei legger opp til klinsj mellom kvinner og menn i ein slik konkurranse, men allikevel, gjer det litt sportsleg då folkens. Ikkje synk så lågt! 

Eg trur ikkje eg klarar å gje programmet meir konstruktiv kritikk en som så. Det spraka opp ein irritasjon i meg, for eg veit at internettet er full av nye feministflammar. Og at det berre er til å børsta støvet av bannera mødre, likestillingssaka kjem til å få ein ny vår. Etter femitallsidealisme og rosa cupcake-storm kjem likestillingsbølga rasande. Og er ber dykk, damerr, hiv dykk på. Ikkje for at den eine skal overgå den andre, men for at me som menneske skal ha like rettighetar og haldningar til kverandre, like kår. 


Les meir finurleg feminisme: 
Advanced Style:
Viser eldre kvinner og menn i sine flotte antrekk, med verdigheit og dybde viser dei fram kleda, stilen og moten dei kler seg med. Det er stikk motsatt av medias kvinnesyn, som fortel oss kor fælt det er å bli gammal, for då ser ein jo ikkje bra ut. Og alle veit jo at kvinners verdi er basert på korleis dei ser ut? 
Nei, det er forfriskande med skjønnhet i fleire aldrer og formar ein ei "pepperkakeform" trykkt ut av Cosmo. 

Har du lurt på kva roller kvinnelege skodespelerar vinner Oscars for? 

Nyoppdaga blogg hos meg, eg gleda meg sånn over å lesa Marta sine ord at eg slukte heile bloggen i eit jafs. Ho plukkar fram kvardagsfeministen i meg. 


Snakkar om seksualiseringa av brystkreft-saka. Det skjer kanskje mest i USA, men om ein skal selga noko må det spela på sex, og sexy kvinnekroppar. Også brystkreftsaka, tydeligvis. Burde ikkje å redda liv vera nok? 

Tumblr er min live-feed inn i amerikansk og internasjonal feminisme. Eg har posta og re-posta nokre innlegg som er verdt ein kikk. Er du klar? 

Kommentarer

  1. Not familiar with the show you're writing about but I also get heated when I see blatant (or even more 'benign') sexism in the media. Love Advanced Style though- always inspiring!

    SvarSlett
    Svar
    1. wow, Steph, I tried to google translate that, and it sure made little sense. I guess you managed to understand the basics;) Well done! Thanks for commenting:)

      Slett
  2. Du vet du appellere til gamle Nintendo-spilleren i mæ når du bruke bilde av Samus Aran. :D

    Så, du har vært borti Metroid-serien, eller fant du bare bildet på nettet? (Vet dette e noe off-topic, men klare itj å dy mæ)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg