Hår, dreadlocks og altslags.

No har eg hatt dreadlocksa i 6 månadar. Eller, dei fleste av dei. Eg starta å knyte opp håret mitt i haustferien på Gran Canaria, eg har vorte fornøgd sidan.

17 år
Eg har hatt dreads før, då eg var 17. Men eg har alltid hatt svært ømfindtleg hovudbotn. (Huska at eg syntes det var veldig vondt i hovudet å greie håret då eg var lita. Ikkje hårskjær, men i huda.) Eg har sikkert klødd og hatt vondt i hovudbotnen oppover barndommen pga parfyme og altslags drit som er i sjampoar du får kjøpt i butikken.

Etter nesten eit år med dread-lykke so 17 åring måtte eg sjå at slaget vart tapt. Eg visste ikkje nok om Dreadlocks til å holde dei vedlike. Eg hadde brukt altfor mykje voks og produkter for å prøve å halde dei saman, og eg haldt ikkje ut kløinga/utslett i hovudet som eit resultat av alt driten eg putta oppi. Eg visste ikkje då at ein eigentleg ikkje treng voks, eller å bruka den shampoen som dei selger i butikken. Det finnes andre alternativ. Men måtte då innse at dread-draumen måtte eg gje slepp på. Eg greidde dei ut.
Første sett med syntetiske dreads!
Men så begynner draumen å boble opp i meg att. Eg bestiller syntetiske lokker eg kan flette in som extentions. Det er kult, men ikkje slik eg sko ønske at det var. Ordentlege dreadlocks. Eg googlar, ser på tutorials, bestillar dingsar og dangsar på ebay. Også er eg klar. Med bob-kort hår byrjar eg å dreadde håret i nakken, henger på litt laushår for å sjå om det verkeleg kan fungere utan voks og kjemikalier. Og ja. Det virker. Ingen sår i hovudet, og ingen kløing. Eg blir superglad!



No, 6 månadar etter. Er dei fortsatt å finna på hovudet mitt. Og eg brukar naturlige produkter som gjer huden godt. Eg må jo seie at det framleis klør litt når eg har strama dei opp.(tenk deg at du har mange strame strikkar i håret over heile hovudet) Men det kan ein tåle ein gang i månaden. Og eg har funne eit kjerringråd som kan hjelpe ALLE med sensitiv hud i hovudet! Ikkje berre dreadheads! Om du er sår etter hårfarging, klemmer eller berre har utslett til tider, slik eg hadde før då eg brukte vanlig sjampo. Då kan du koke opp Rosmarin, fersk eller tørka(frå krydderhylla). Til det blir ein mørk te-lignande farge. Helle det over hovudet når det er blitt kaldt, eller hell det i ei sprayflaske og spray hovudbotnen etter du har vaska håret! Rosmarin lindrar kløe umiddelbart, også er den naturlig antiseptisk, det betyr at den drep bakteriar som ofte set seg i huda når ein svettar eller klør seg i hovudet.


And now, some close ups! 
P1010267P1010275P1010262

Kommentarer

  1. Så kult! :D digger at det er litt hyppigere oppdatteringer her igjen, forresten (: faktisk husker jeg at noen i klassen på vgs. Slutta å bruke shampoo, fordi håret visstnok har en evne til å rense seg selv! Håret ble jo fryktelig fett først, men så tror jeg det gikk over (: poenget; vi trenger nok ikke alle de kjemikaliene, nei!

    SvarSlett
  2. Wow.
    Men, du. Kan du si hvordan du får det til'a? For andre folk er det liksom bare... magisk!! (Også hører man fra gæmliser at det er uhygienisk og shit - kan du ikke lage en myth buster???)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg