Haustsint

Det byrjar med at ein stakkar bloggar legg ut nokre bilete med haustfarga blader og seier at hausten er yndlingsårstida si. Også bang! Så er det mørkt allereie når eg kjem heim frå jobb. Curse you haustbloggar, alt er din feil!!

Det blir vanskeleg å stå opp, for det er jammen mørkt då og! Når på dagen er sola oppe, sa du? Åja, akkurat dei timane eg er inne på jobb ja. Ok.

"God morgon, Dagen idag vil starta svart, gå over til mørkegrå. Kanskje eit hint av mellomgrå i tolvtida, også går me gradvis tilbake til vår favorittfarge svart igjen! Repeat until madness."

Nei! Eg vil ikkje hoppa i løvet. Eg bur på vestlandet, enten heng blada på trea, eller så har dei blåst vekk for lenge sidan. Ingen mellomting. Eller jo, viss du er ekstra heldig er dei brune, våte klumpar på bakken. jippi! Rull deg i deg du!

Den koselige tekoppen med lattefrappechaikakao oppi, den kan du tømma ut. Eg treng svart kaffi. Så svart som den mørke natta Voldemort vart fødd .Slik at eg lurar hjernen min ut frå sin naturlege vinterdvale nokre få timar. Heilt til den skjønar teikninga og gjer opp igjen.

Om hausten høyrer eg på hardcore.

Om du er så (u)heldig at du får eit glimt av meg iløpet av denne årstida, kan eg love deg: Eg ville heller låge under dyna og sett på Netflix heilt aleine.

Kvifor må ein ut av huset for å handle matvarer og dopapir eigentleg? Kan Adams matkasse levere dopapir? Seriøst?

Viss eit år er ein mnd, så er hausten veka med PMS. Eg har nemlig pre.vinterdepresjons humørsvingningar heile hausten.

Nei. Eg vil ikkje tenna lys! Men det kan ver eg gjer det uansett, gjer etter for det kollektive gruppepresset: kos



Eg har laga ein illustrasjonsserie ang tema som eg har valgt å kalla for "Angry Hippie" Du kan bla gjennom den her.

God haust folkens. Nå kosar me oss!





Kommentarer

  1. hahaha, åååh "Eg treng svart kaffi. Så svart som den mørke natta Voldemort vart fødd" DEN setningen <3. Vet du, jeg skjønner egentlig ikke helt hvorfor vi stilte klokka i går? Det er hyggelig for meg at det er lyst før 7 om morgenen, men jeg tror flere ville hatt glede av at det var lyst etter de stod opp. Jeg klarer meg liksom om høsten, med sommeren friskt i minnet og viten om at årets koseligste tid (julen) nærmer seg. For meg er det januar og februar som er ille, med 100 meter snø, mørke, kulde og ingenting å se direkte fram til. Kanskje jeg skal bestille meg en sydentur i februar...åh, det hade vært deilig. Jeg synes nemlig det hjelper veldig å ha noe å se fram til.

    Vet du, dette innlegget likte jeg så godt at jeg markerer det som "ulest" på bloglovin- så kan jeg lese det en gang til! :D

    SvarSlett
  2. Haha, så enig med deg. Høsten er jo ikke bare kos! Det er også veldig mørkt, vått og kjipt... Skulle ønske jeg kunne få betalt for å se Netflix, det hadde vært en passende jobb i disse dager!

    SvarSlett
  3. Haha. Fantastisk tekst om høsten. Kjenne meg igjen. For sjøl om eg ELSKE høsten og den friske kalde luftå så e det mye gufs som komme med den :)

    / Tusen tusen takk <3

    SvarSlett
  4. Hahaha, dette innlegget er gull! Endeleg nokon som skriv korleis hausten EIGENTLEG er utan den melankolske, poetiske stemninga som får meg til å føla meg endå meir depressiv enn kva eg allereie er.
    Eg tenkte faktisk at dei fleste som satte pris på hausten måtte bu på austlandet/ i indre strøk. Men no som eg faktisk har opplevd hausten her i Oslo så kan eg sei at kjenslemessigt så var det ikkje det spor betre. (men lauva hang litt lengre på trea, då)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg