Music Monday/ Musikkprosjekt! #1: Edward Sharpe and the Magnetic Zeros

Music Mondays kjem til å vera litt anderledes utover. For eg er med på Musikkprosjektet til Caroline!
Bloggerane SiljeRenateGitte og Karoline er og med på prosjektet! Så hiv dei inn i bloggfeeden din og følg med! Prosjektet går ut på at ein velger ein artist/ei gruppe sjølv, også utfordrar du nokon med ein artist. Slik at du skriv om ein egenvalgt og ein tildelt artist pr omgang!

Eg fekk i denne omgangen tildelt Edward Sharpe and the Magnetic Zeros av Renate! Og dei skal eg skriva om no! 


Edward Sharpe and the Magnetic Zeros vart til i 2007, har ti bandmedlemmer og mange instrumenter som trekkspel, bongotrommer og trompet i tillegg til dei standard bandinstrumentene. Bandet har ein slags folketone over seg, med harmoniar og kor i vokalen. Dei minnar meg om Simon og Garfunkel, Beatles og The Beach Boys på ein måte. Dei er inspirert av 60 og 70 talet, slik som så monge andre indiegrupper dei siste åra. Dei fleste kjennar kanskje best igjen  sangen "Home" frå denne hjartesmeltande videoen, som eg falt for sjølv nokre år sidan. Eg må innrømme at eg ikkje har høyrt så mykje på dei sidan.





No har eg høyrt gjennom deiras siste album og sjekka ut heimesida deiras (som forresten er utroleg kul!) Eg synes at det nyaste albumet er enndå meir 60-tals inspirert en dei to første. Det er som om dei tek seg friheita til å "go all in". Noko eg eigentleg likar, men eg kjenner at det blir litt "gamalt". For min del blir sangane for like kverandre. Så det blir litt kjedeleg å høyre på albumet i ein bolk. Men ein sang og to inni ei speleliste er mykje bedre til min smak!

For meg er det også litt viktig korleis artistane gjer live-opptrinn! Så her er ein koselig live-video av Home! 


Mitt favorittalbum: Here(2012)

Felles for alle desse sangane er at dei ikkje er så intense som flesteparten av sangane på albuma. Dei har strippa vekk litt trompet og koring, hehe! Det enkle er ofte det beste for meg! 

Terningkast: 3+(plusset for live-opptrinnet!)





Selfølgeleg lagar eg ei speleliste til prosjektet
 (eg er jo trossalt spelelisteavhenging): 


Kommentarer

  1. Jeg er faktisk helt fullstendig enig med deg! Og veldig kult prosjekt! Skal sjekke ut hva de andre bloggerne har skrevet.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur ikkje dei har skrive noko endå! Men det er spennande ja:)

      Slett
  2. Jeg liker litt at du faktisk gav dem et terningkast 3, for jeg ser urealistisk mye 5´ere og 6´ere på blogger rundt omkring.. :P

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har alltid sagt at eg hadde vore ein veldig streng idoldommar;) musikk er jo veldig subjektivt, men det er ikkje noko galt med å sei ifrå om kva ein meiner uansett:)

      Slett
  3. Ågud, 40 days av Edward Sharpe and the magnetic zeroes er min yndlingssang, haha :D Helt ok at du er uenig ;)

    SvarSlett
  4. For et utrolig bra innlegg du har skrevet! Liker de sangene du har lagt i listen. Jeg holder på med mitt nå :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg